Ny deltakarrekord for Varden opp

Mange fann vegen opp til Skarvelandsstølen. (Mobilfoto: Ivar Langeland).

Mange fann vegen opp til Skarvelandsstølen. (Mobilfoto: Ivar Langeland).

Artikkelen er over 3 år gammel

Rundt 210 personar deltok i Varden opp på Sandvoll i dag (søndag). Det er ny deltakarrekord.

DEL

Arrangør IL Ternen kan kryssa av ein nytt, vellukka arrangement og ein fin auke frå fjorårets 180 deltakarar.

I konkurranseklassen sprang 23 frå Skarveland skule (89 moh.) og opp til Varden (525 moh.). Om lag like mange ungar (1. til 8. klasse) sprang Mini-Varden som hadde start på Skarvelandsstølen. I turklassen var det 160 registrerte.

Egil Holte (66) frå Valen var ein av sprekingane som sprang på tid. For han var løpet eit comeback i slike konkurransar. Han har nemleg fått montert inn metall både i hofte og ankel.

– Eg har aldri sprunge dette løpet før. Målet mitt er å koma opp på rundt 40 minuttar, erklærte Holthe ved start, og ut frå resultatlista (sjå under) må løpet hans seiast å vera godkjent.

Det vart ikkje nye løyperekordar. Tidene til Gunnar Årvik (23:03) og Marit Årthun (25:57) står framleis.

Dei som hadde god tid og tok Varden opp som søndagstur, kunne delta i ulike aktivitetar for store og små oppover i løypa. Og på Skarvelandsstølen var det fyr på bålpanna og råd med både kaffi og noko å bita i.

Konkurranseklassen, utan aldersinndeling:

Menn:

1. Johannes Heien, Ternen 25:22

2. Kristoffer Madsen, Team Fixit.no 26:01

3. Fredrik Madsen, Bergen CK 26:25

4. Vebjørn Holmedal, Trio 26:49

5. Johannes Haugland, Uskedalen 27:20

6. Tord Sæle, Uskedalen 27:34

7. Bjørn Egil, Haugland, Uskedal IL  28:13

8. Torstein Thorkildsen, Valen 28:15

9. Tor Vidar, Sæle, Uskedalen 28:20

10. Thomas Eide,  Uskedal IL 29:48

11. Åsmund Mehl, Rosendal 31:03

12. Vegar Saghaug, Ternen 31:26

13.  Blokkum Iver, Ternen 31:38

14.  Jarle Mehammer, H. fylkeskom.  31:51

15. Steinar Lillevik, Utåker 32:01

16. Eirik Berge, Matre 32:45

17. Benjamin Skarveland, Sandvoll  34:38

18.  Kurt Haugland, Uskedalen 36:47

19. Pål Haugland, Uskedalen 39:17

20. Egil Magne Holthe 41:53

Kvinner:

1. Håland Hildegunn, Valen 30:06

2. Solveig Haugland, Uskedalen32:01

3. Amalie Skarveland, Sandvoll 38:14

Artikkeltags