Til helga kan du ta med deg familien og delta på «Varden opp» på Sandvoll

I "minivarden", konkurranseklassen for born, var det 20 påmeldte i fjor. Minivarden starta frå Stølen til Steinar Skarveland og går opp til toppen av Varden. (Arkivfoto).

I "minivarden", konkurranseklassen for born, var det 20 påmeldte i fjor. Minivarden starta frå Stølen til Steinar Skarveland og går opp til toppen av Varden. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 3 år gammel

Søndag 15. oktober er det klart for Varden opp på Sandvoll. Då blir det konkurranseløp og i tillegg aktivitetar for heile familien på Skarvelandsstølen.

DEL

Motbakkeløpet Varden opp blei arrangert for første gong i 2006, og har sidan då blitt eit flott, årleg familiearrangement på Sandvoll. Varden er på rundt 516 m.o.h., og konkurranseløypa for motbakkeløpet er rundt 3,33 kilometer lang.

Både konkurranseklassen og turklassen startar løypa frå Skarveland skule, medan dei minste kan delta i «Minivarden» som startar frå Skarvelandsstølen. På denne koselege stølen til Steinar Skarveland blir det sal av kaffi, kaker og pølser, og arrangørane har også laga til ei aktivitetsløype for dei minste på veg opp.

I fjor var detVebjørn Holmedal (bildet) som vann herreklassen i Varden opp, medan Hildegunn Håland vann dameklassen. Førstegangsdeltakarar får fine t-skjorter i premie.

Alle pengane frå arrangementet skal gå til Erslandsparken, eit prosjekt som IL Ternen jobbar med. Det er ein fleirbrukspark med kunstgrasbane, asfaltert rulleski- og sykkelløype, klatrepark og kolonihage. Parken skal etter planen etablerast med fire byggjetrinn.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken