Varselet vart meldt klokka 12:24 tysdag og inneheld råd til privatpersonar.
«Hald deg oppdatert om situasjonen. Sikra verdiar og flytt dei vekk frå utsette område. Reins stikkrenner, kummar og andre vassvegar for jord og grus, kvist og lauv, slik at vatnet kan renna uhindra der det vanlegvis renn,» vert det opplyst.
Konsekvensen ein kan rekna med etter denne flaumen, er lokale overfløymingar og erosjonsskadar i bekkar og mindre elvar.
Ein kan òg rekna med overvatn i tettbygde område.
Ifølgje Meteorologisk institutt vil kraftig nedbør passera Kvinnherad onsdag, og for Matre vert det spådd 41 millimeter denne dagen, for Rosendal 37 mm, Husnes 38 mm, Halsnøy 39 mm.
