Føreslår å avvikla ordningane som gir kraftkommunane direkte inntekt: – Vil bety årleg avkorting på 110 millionar

Det såkalla kraftskatteutvalet la denne veka fram eit forslag om å avvikla ordningane som i dag gir kraftkommunane direkte inntekt frå vasskraft. Det vil vera kroken på døra for meir fornybar energi i kommunen, meiner ordførar Hans Inge Myrvold.