«Vasskrafta mest skattlagd av alle bransjar»

Av
DEL

MEININGAR Få, eller nokon, hadde sett føre seg korleis året 2020 skulle bli, der ein pandemi har snudd opp ned på det meste. Dei fleste bransjar opplever stor usikkerheit og fallande inntekter, også kraftprodusentar.

Verda/Europa og Norge ser føre seg eit grønt skifte. Eit grønt skifte betyr at vi skal redusera forbruket av fossilt brensel og erstatta dette med fornybare energikjelder. Sjølv om all elektrisitet som er produsert i Norge er fornybar, utgjer dette forbruket ca 50 % av Norges samla energiforbruk. Det er fleire initiativ for å auka fornybarandelen i norsk forbruk. Størst potensiale er det i å elektrifisera sokkelen, men òg annan industri, jordbruk og transport både på sjø og land har stort potensiale.

Norge har ein unik posisjon, med rikeleg tilgang til energi gjennom vasskraft, vind og fossile brensel. Ei elektrifisering som nemnt over vil krevja endå meir fornybar energi. Auken i fornybar energi kan koma frå vindmøller til havs, vindmøller på land og kanskje noko sol – i tillegg til vasskraft. Størst tilslutning synest vindkraft til havs å ha. Dette fordi konsekvensane er tydeleg mindre for ålmenta, i motsetnad til vindmøller på land. I tillegg kan vindmøller til havs gi høve for leverandørindustrien til å vinna nye og meir framtidsretta marknader.

Storting, regjering og politikarar har den siste tida arbeidd knallhardt for å oppretthalda gode rammevilkår for samfunnet, slik at vi kjem ut av denne krisa utan at folk står utan arbeid. Dette er det brei semje om at er rett for Norge. Vi kan ikkje leggja ned det gamle, vi må skapa det nye på«ryggen» av det gamle. Dei fleste bransjar har fått hjelp, og til sist kom det ein gigantisk pakke til den næringa som – meir enn noko næring dei siste 50 åra – har gitt oss velstand, nemleg oljenæringa. Tanken er då at oljeselskapa skal fortsetja sine investeringar, som igjen inneber arbeid for leverandørindustrien.

Vasskrafta for Norge har vore med og bygd industri og land. Mesteparten av stor norsk vasskraft vart bygd mellom 50- og 80-talet, i førre hundreåret. Mange anlegg er no modne for opprusting og utvikling. Stor norsk vasskraft er Norges mest skattlagde bransje, der skattlegginga hindrar investeringar for 10 mrd. kroner dei komande åra. Investeringar som er framtidsretta og tiltrengt for leverandørindustrien.

Vasskrafta er evigvarande, men det skal vel ikkje bety at vi må venta til evig tid på rammevilkår som denne bransjen fortener og treng?


John Martin Mjånes

Adm. Direktør, SKL

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken