Vassleidningsbrot på Husnes

Kommunen sine folk var i sving på staden der vassleidningsbrotet hadde skjedd torsdag morgon. (Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg).

Kommunen sine folk var i sving på staden der vassleidningsbrotet hadde skjedd torsdag morgon. (Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg).

Artikkelen er over 2 år gammel

På morgonkvisten torsdag skjedde eit vassleidningsbrot i Hidlervegen på Husnes.

DEL

Denne gongen er det ikkje brot på hovudvassleidninga som ligg i Opsangervegen, men ei forsyningsleidning i krysset mellom Kaldanesvegen og Hidlervegen som ligg i vegen ovanfor. Arbeidsleiar i Vatn og avløp i Kvinnherad kommune, Torleiv Gloppen, trur rundt 10-12 husstandar er utan vatn. Arbeidsfolk frå kommunen er på staden for å sjekka kva som har forårsaka brotet på vassleidninga, og for å fiksa problemet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags