Om eitt års tid vil misfarga vatn på Sandvoll truleg vera historie

(Illustrasjonsbilde frå arkivet).

(Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Kommunen har no fått konsesjon frå NVE til å ta ut grunnvatn – inntil 10 liter i sekundet – ved Handelandselva. Planen er å pumpa dette opp til vassbehandlingsanlegget på Rudlen. Der skal det gamle bygget rivast og nytt vassbehandlingsanlegg byggjast på same tomta.

Einingsleiar Egil Eide i kommunen fortel at det nye vassanlegget er under prosjektering og nærmar seg anbodsutlysing. Målet er at det står ferdig til hausten 2018.

– Vi har drive med prøvepumping i eit år, og testar av grunnvatnet ved Handelandselva viser at det har svært god kvalitet – det er jo alt sandfiltrert før det kjem inn i borehola. Dermed er det berre UV-lys og PH-justering som må til i det nye vassbehandlingsanlegget som skal byggjast, forklarar Eide.

Han ser på planane som svært positive for vasskvaliteten på Sandvoll. Vatnet i eksisterande anlegg kjem i form av såkalla overflatevatn som har varierande kvalitet i takt med nedbørsmengdene.

– Det nye anlegget skal også byggjast med høve til overføring til Høylandsbygd, Valen og Husnes. Dermed får vi høve til å ha ei ekstra backup-forsyning inn på det forsyningsområdet, i tillegg til det eksisterande vassbehandlingsanlegget ved Hellandsleva på Husnes, seier Eide.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags