Å tapa eit veddemål er alltid surt, men ekstra ille er det kanskje viss det betyr at du må hoppa i vatnet i oktober. I morgon rundt klokka ti på morgonen må redaktør i Kvinnheringen, Tomas Bruvik, redaktør i Grenda, Håvard Sætrevik, og politikarane Ove Lemicka (Frp), Peder Sjo Slettebø (H) og Kent Are Kjørsvik Petterson (V) bada i finstasen. Bjarnhild Sjo (Dei Kristne) skulle også ha bada, men kunne ikkje ta fri frå jobb. For alle oss andre kan det bli artig underhaldning å vera publikum til stuntet, derfor oppmodar vi om at dei som har høve stiller opp for å heia, le eller kanskje gi ein applaus til dei som skal «gå planken» i nærleiken av rohuset på Husnes, ved Opsangervatnet.

– Kvifor må du bada, Peder?

– Tomas meinte at Jan B. Ingvaldsen ikkje kom inn i kommunestyret, og eg vedda imot. Eg tok feil, og derfor må eg bada.

–  Kvir du deg?

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det, men eg har bada i oktober ein gong før, og overlevde jo det. Så eg trur det skal gå greitt.

– De må jo bada i dress, skal du bruka den nye du har kjøpt deg?

– Eg trur eg tar på meg den «pensjonerte» kommunestyredressen min som eg bruke i førre kommunestyreperiode. Den skal jo fasast ut uansett, ler Sjo Slettebø.

Rykta seier at redaktør Bruvik prøvde å ta «ein spansk ein», og hadde planar om å ta badinga når han skal på ferietur neste veke. Det godtok ikkje dei andre veddemålstaparane.

– Det blei blankt avvist, det hadde aldri kome på tale at han fekk sno seg unna på den måten. Så det er ei mager trøyst at han også skal bada i kaldt, norsk vatn, som oss andre.