«Ove Lemicka lyg ikkje!»

Av
DEL

MEININGARSvar til Øyvind Hardeland:

Øyvind Hardeland legg seg på eit utruleg lågt nivå når han i lesarinnlegg hevdar at eg lyg om utviklinga i vedlikehaldet i kommunen.

Utgangspunktet var Øyvind Hardeland sitt innlegg i avisene tidlegare i månaden, der han hevda at det kommunale vedlikehaldet i siste perioden har blitt redusert. Eg tilbakeviste dette og dokumenterte at dette hadde fått auka midlane sine med over 30% i høve sist periode då AP hadde ordføraren. Hardeland kom då i eit nytt avisinnlegg med påstanden om at eg laug og viste då til at posten «vedlikehald av vegar» der han jobbar, hadde fått nedgang.

Det er slik i det kommunale budsjettarbeidet. Kommunestyret lagar rammer som administrasjonen må halda seg innanfor. Det er såleis i prioriteringa til sektorleiaren når rammene frå politikarane skulle følgjast opp, at det er gjort ei administrativ vurdering av at midlane innan teknisk sektor må prioriterast høgast til andre delar av denne tenesta, enn vedlikehald av vegar. Dette er fordi nokre oppgåver er lovpålagde. T.d. er brannvernet ei slik teneste. Dette er grunnen til at sektorleiaren innan tekniske tenester har prioritert ned vegvedlikehaldet i høve andre meir presserande tenester, slik at det er blitt litt mindre pengar til området som Øyvind Hardeland har ansvar for. Det er såleis rett slik eg har hevda, at vedlikehaldet av eigedomar og bygningar er blitt auka dei siste åra, noko som òg var temaet Øyvind tok opp i sitt første innlegg.

Meir interessant er det å sjå på om Øyvind Hardeland sitt parti Ap har villa endra det kommunale vedlikehaldet og prioritera meir pengar til dette. Sanninga er at Ap i kommunestyreperioden vi har bak oss anten har stemt for budsjettet til fleirtalet, eller har hatt sitt eige budsjett med same rammer innan vedlikehald. Minst eitt av åra hadde Ap sitt eige budsjett med vesentleg lågare rammer til fordeling og, noko som ville gitt vesentleg mindre vedlikehald om det var blitt vedteke. Så påstanden min står seg. Vil du ha betre vedlikehald av kommunale eigedomar må du stemma på Frp og ikkje Ap!

Ove Lemicka

Kvinnherad Frp

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags