«Det er diverre usant som Hardeland opplyser, at løyvingane er blitt mindre»

Av
DEL

MEININGARØyvind Hardeland har i eit lesarinnlegg gjort greie for at Ap vil satsa på auka vedlikehald av kommunale eigedomar og bygningar. Det er bra, og det er på sin plass om dette skjer. Det er berre synd at dei ikkje gjorde det då dei styrte kommunen fram til 2015.

Øyvind Hardeland seier òg i innlegget at løyvingane har gått drastisk ned dei seinare åra og at dette er grunnen til kommunalt armod innan vedlikehaldssektoren. Det er diverre usant som Hardeland opplyser, at løyvingane har blitt mindre dei seinare åra. I 2015 var løyvingane til vedlikehald omlag 5.330 tusen kroner. I år er løyvinga på rundt 6.859 tusen. Dvs. at løyvingane er auka med omlag 30 % sidan Synnøve Solbakken flytta ut av ordførarkontoret. I tillegg kjem det at Ap fleire år den siste perioden har hatt mindre budsjettrammer enn fleirtalet har vedteke. Dvs. at om Ap sine budsjett hadde blitt vedtekne, ville vedlikehaldsarbeidet på kommunale bygg og eigedomar fått enno mindre midlar.

Eg heiar på Øyvind Hardeland som ser dette og prøver å få partiet sitt med seg på eit løft. Dette er ei av dei sakene som Frp og Ap kan stå saman om i den praktiske politikken framover, om Ap vil. For å vera sikker på at dette skjer, vil eg likevel be veljarane støtta Frp ved valet, då er du sikker på at det ikkje berre blir med vallovnaden.

Ove Lemicka,

Kvinnherad Frp

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags