«Det er Ove Lemicka (Frp) som snakkar usant»

Av
DEL

MEININGARDet var ikkje tankane mine å gå inn på detaljnivå når det gjeld budsjett innanfor Teknikk og miljø i mitt tidlegare lesarinnlegg, men sidan eg vart utfordra av Frp, synest eg det er rett å koma med faktaopplysningar.

Ove Lemicka, Frp, har styrt i lag med fleirtalet dei siste fire åra, og lyt nok ta ansvar for budsjettløyvingar og -investeringar i Kvinnherad kommune i denne tida og ikkje skulda på andre.

Dei budsjett-tala som vart synte til har ikkje eg kjennskap til, men eg har følgjande fakta for vegbudsjettet:

År 2014 – 9,266 2015 – 7,377 2016 – 7,719 2017 – 6,642 2018 – 6,622 2019 – 6,7

Desse tala finn ein i reknskapa.

I tillegg kan eg opplysa at Stord kommune løyver over dobbel så mykje pengar til vegvedlikehaldet.

Dersom ein skulle lege på eit realistisk nivå utifrå 2014 , burde løyvinga i dag vore på ca. 12 millionar. Kommunen har også i denne tida overteke ansvaret for nye vegar (byggjefelt), vegane vert eldre, trafikken aukar, og på toppen av dei heile kjem intens nedbør som gjer stor skade, slik som me såg no sist veke på Varaldsøy.

Som ansvarleg for drifta ute på vegane og grøntområde der ein vil vera ein positiv tenar, så er det mange gonger frustrerande å som oftast måtta seia nei til innbyggjarane når det gjeld brøyting, strøing , grusing eller andre kanskje små tenester på grunn av manglande pengar.

Me kan heller ikkje laga oss gode vedlikehaldsrutinar, som ville gitt betre kvalitet på tenesta , innspart pengebruk og ein føreseieleg vedlikehaldsstandard.

Det same gjeld også grønt/park. Me opnar nye anlegg og klypper snorer, men det følgjer ikkje pengar med. Me arbeiderane veit at det vert for dårleg oppfølging av grøntområda , og ein føler frustrasjon og at ein kanskje ikkje strekk til i jobben. Budsjettet er urealistisk.

Det er derfor fint om Frp for framtida følgjer med på kva løyvingar/budsjett ein er med på å vedta og kva følgjer dette inneber. Kanskje politikarane kunne vore med på ein køyretur i heile kommunen på dei kommunale vegane. Eg kan vera sjåfør. Andre kommunar praktiserer slikt opplegg.

Nok ein gong ein liten parentes. Eg må innrømma at eg har mista tilliten til noko av den politiske styringa då eg såg investeringsprosjektet Aksen. Eg kvir meg til den dagen tala kjem på bordet for dette prosjektet, som nokon var redde for skulle verta eit nytt Rådhus dersom ein bygde nytt. Kosta kva det kosta vil. Det skremmer meg.

Det viktigaste no er å stemma. Godt val.

Øyvind Hardeland

Kvinherad Ap

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags