Vegen i Åkra opna igjen

Foto:

Ei gra­ve­mas­kin sperra vegen ut og inn av Åkra morgontimane tysdag.

DEL

Rundt klokka 08.40 var Fylkesveg 40 stengt i Åkra, meldte Bjørn Rune Bergane.

Ei gra­ve­mas­kin sto på hell, og det var ikkje råd å pas­se­ra, opp­ly­ste han.

To bergingsbilar var på veg for å hjelpa til.

Iso­lert

Då Kvinnheringen prata med Lars Emil Berge i 10.30-tida var det gjort for­søk på å flyt­ta gra­ve­mas­ki­na.

– Det kan sjå ut til at den berre sklir leng­re ned. Ein prø­ver å for­hind­ra at gra­ve­mas­ki­na, som ligg i ein bratt skrå­ning, ik­kje rasar i sjø­en. Sam­stun­des er det ar­beid med å kla­re­ra ein li­ten veg på opp­si­da, slik at bi­lar kan pas­se­ra, for­klarte han til Kvinnheringen.

Han kunne fortelja at at dei venta på to ber­gings­bi­lar som skulle få gra­ve­mas­ki­na vekk.

– Den eine av des­se må alt­så inn frå Åkra-sida for å få grep, men ein kjem seg jo ik­kje for­bi.

Iføl­gje Berge var dei man­ge som venta på å slep­pa for­bi. Det var råd å ta seg for­bi til fots, men det var til lita nyt­te.

– Vi kjem ik­kje for­bi med bi­la­ne, så då er ein jo like langt. Byg­da er iso­lert, og tre rek­to­rar skul­le vore på sam­ling, og man­ge pend­la­rar skal på ar­beid, melde Berge til Kvinnheringen.

Klokka 11.45 var vegen opna igjen, og trafikken kunne passera som normalt.


Artikkeltags