Her blir det byggestart til hausten

Slik er dei siste planane for bru over Furebergfossen. (Skisse: Statens vegvesen.)

Slik er dei siste planane for bru over Furebergfossen. (Skisse: Statens vegvesen.)

Artikkelen er over 1 år gammel

Mange vegprosjekt i Kvinnherad er i emning. Til hausten er det byggestart for ny Fureberg bru.

DEL

Førre onsdag møtte ordføraren vegvesenet til eit møte med ei saksliste «så lang som eit vondt år», som han skildra det. Men det var eit møte med optimistiske vyar.

– Det er tre ting som skal skje ganske snart. I haust blir det byggestart for ny Fureberg bru. Sunde kai skal bli oppgradert i løpet av dette året, og då snakkar vi om parkeringsareal og tilrettelegging for mjuke trafikantar. I tillegg blir det no jobba med eit forprosjekt for tunnel på Kroka, eit prosjekt som skal vera ferdig i april, seier ordførar Peder Sjo Slettebø.

Han seier at i høve til sistnemnte prosjekt er ein oppteken av at massane skal kunna bli utnytta optimalt, på den måten at ein ser utbetring av vegen mellom Årsnes og Folgefonntunnelen i samanheng med prosjektet.

– Så blir det av kommunen føreslått at det kjem ny bru på Sandvoll så raskt som mogleg. Elles er det òg planlagd trafikksikring i Sæbøvik sentrum, her skal det koma nytt fortau samt eit opphøgd gangfelt med ny belysning. Det skal bli gjort tiltak heilt frå Halsnøytunet til Øyatun skule, summerer han opp.

Opsanger-Porsvik

Ordføraren fortel at det òg er ute på høyring eit forslag frå Statens vegvesen om å endra fartsgrensene på fleire strekkjer på Halsnøy. I tillegg nemner han arbeid med å laga til ny avkøyrsel frå Sæbøvik sentrum til Dubbedalen, og trafikksikring i Eidsmarka.

For Toftebrekka blir det gjort grunnundersøkingar.

– No gjer vi skikkelege grunnundersøkingar her. Her er målet å finna ut kva som eventuelt må gjerast av tiltak med tanke på framtidig ferjeleie, men uansett kor ferjeleiet blir, må det gjerast eit eller anna med denne brekka.   

I tillegg blir det oppstart av reguleringsplan for Opsanger-Porsvik i år.

– Eit trafikkfarleg område, og eit viktig knutepunkt for å koma seg til og frå kaien på Sunde.

Det blir òg diskutert trafikktryggingstiltak mellom anna for Hatlestrand, samt fortau i Dimmelsvik frå bensinstasjonen og mot sentrum av bygda.

– Vegvesenet jobbar òg med å få laga til fortau ved Omvikdalen barnehage, trafikksikring ved Sunde skule og med gatelys i Langgot, seier Slettebø.

Artikkeltags