Grunna nedgraving av den nye hovudvassleidninga er Opsangervegen nedanfor Kvinnherad vgs stengt frå onsdag morgon og fram til seinast klokka seks torsdag morgon. Det skal også lagast nye kummar. Per Inge Naterstad i Kvinnherad kommune opplyser om dette. I denne perioden må bilane køyra rundt Teigen eller om Sunde/Kaldestad. Det er framleis mogleg å køyra opp på parkeringsplassen til KVV dersom ein kjem frå Husnessida.