Køyrer du bil, har du sikkert fått med deg at brøytestikkene er utstyrte med refleksringar, noko som gjer det lettare å sjå kor vegen går når du køyrer i mørket. Men ein del stadar får ikkje brøytestikkene stå i fred.

Byggjeleiar i Statens vegvesen, Åsmund Sekse, oppmodar foreldre om å ta ein alvorsprat med ungane sine.

– Det er blitt eit ganske stort problem at stikkene blir rivne opp og kasta rundt om. Problemet er spesielt stort på vegstrekkjer der ungar går til skulen. Nyleg sette me opp 100–150 nye brøytestikker på Halsnøy, opplyser Sekse.

Stikkene blir sette opp i oktober. Ikkje for at snøen kjem så tidleg, men fordi refleksane på stikkene er til hjelp i kveldsmørket.

– Dei som fjernar stikkene må òg hugsa på at dei skapar forsøpling når stikkene blir slengde rundt omkring i vegskråningar eller andre stader, seier Sekse.

Og når snøen først kjem, er det heller ikkje ideelt at det manglar brøytestikker mange stader.

– I verste fall vil ein ikkje få brøytt skikkeleg, seier Sekse.

Han håpar foreldre kan ta ein runde og forklara ungane sine kva funksjonar brøytestikkene har, og at dei må få stå i fred.