Gå til sidens hovedinnhold

Vegen opna etter ulukka

Naudetatane jobba måndag kveld i fleire timar på ulukkesstaden på Løfallstrand etter at ein lastebil og personbil kolliderte. Ulukka blei meldt inn rundt klokka 19.37.

Rett etter klokka 23 kunne operasjonssentralen til Vest politidistrikt melda at vegbana var såpass rydda at bilane som stod i kø kunne passera. Men truleg måtte vegen stengast i ein kort periode seinare, for at bergingsbilen skulle få frakta lastebilen med seg.

Kommentarer til denne saken