Gå til sidens hovedinnhold

«Vegen vidare ved fusjon»

Artikkelen er over 2 år gammel

MEININGAR Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Som fagforeining i Kvinnherad Energi vil eg uttale det same som vi har gjort tidlegare. Vi ønsker ikkje å selja Kvinnherad Energi, men å sjå moglegheitene med og vidareutvikla selskapet framover som eigen eigar.

Etter ein lang og ikkje minst krevjande prosess så er det på tide å få ro i Kvinnherad Energi, utfallet skal avgjerast onsdag 22. mai.

Denne prosessen som har vore fram til no har tært på innsida av Kvinnherad Energi, noko som har gått utover tilsette og miljøet. Vi har ein eigar som seier dei skal visa omsyn og lytta til dei tilsette si meining, så vi ber alle som skal vera med å avgjera denne saka onsdag om å lytta oss.

Om utfallet blir å gå inn i fusjon så støttar vi innstillinga til forhandlingsutvalet og ønsker då å bli fusjonert inn i BKK.

Robert Loven,

ElogIT ved Kvinnherad Energi

Kommentarer til denne saken