Vegtrafikksentralen: Stengd veg etter jordras

Eit jordras stenger vegen i Nordrepollen tysdag ettermiddag.

DEL


Oppdatert: Klokka 13.07 skriv Vegtrafikksentralen at vegen ikkje blir opna igjen tysdag. – Det blir for mørkt før geolog kjem seg på plass. Geolog kjem onsdag ved dagslys. Vi satsar på å ha klar ny vurdering onsdag kl. 12.00, skriv dei.

Klokka 12.41 tysdag ettermiddag melde Vegtrafikksentralen Vest på Twitter at Fv. 49 mellom Nordrepollen og Austrepollen var stengd etter eit større jordras.

Trafikkoperatør i Statens vegvesen, Eirik Rystad Skånøy, opplyste til Kvinnheringen at entreprenør var på staden for å gjera undersøkingar.

– Vi venter på ei tilbakemedling frå entreprenør som er på staden for å gjera vurderingar. Vi må venta på tilbakemelding frå dei og eventuelt geolog før vi kan seia noko meir, fortalde Skånøy like før klokka 13.

Han seier at jordraset er gått over vegen like i nærleiken av Nordrepolltunnelen, og at vegen er stengd inntil vidare.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken