Leif Sverre Enes

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

er turistvert på Ænes der Lakseparken aular av mange slag dyr. Og Leif Sverre vil visst ha fleire.

DEL

Ynskjer kjøpa brukt kano. Hane og kaniner, står det i ein annonse i Kvinnheringen. Skal hanen bli sjømann eller kva er dette for slag?

I telefonen svarar Leif Sverre Enes, turistvert på vakre Ænes.

Hane har han for lengst fått tak i, og ei dame vart hoppande glad for at han ville ta imot to kaninungar. Kano er det så langt verre med.

Dyra skal underhalda gjester i lakseparken på Ænes. Dei treng ikkje gjera kunster, det er nok at dei er der, og mange set pris på å sjå ein majestetisk hane som har kustus på hønene.

– Om sommaren ringjer folk og spør om lakseparken vil ta imot dyr. Me har teke imot griser, kaninar, hanar, høner og andre dyr. Her får dei vera om sommaren, så sant ikkje reven eller mårkatten fer med dei. Ei purke åt seg stor og feit på ti brød om dagen, til ho vart sjuk og me måtte avliva grisen. Då vog ho 300 kilo, fortel Leif Sverre Enes.

Leif Sverre Enes vil bruka kanoen på Ænes-elva. Ho eignar seg godt til moro med slike slanke farkostar.

Soga om kanoane er om lag som så:

– Me hadde to kanoar. Me lånte dei til speidarar. Om natta kom det regn og elva steig, og dermed fór elva med kanoane som var dregne halvvegs opp på elvebarden. Eg skjøna kva som hadde hendt då eg såg ein av leiarane koma gåande opp mot huset søndag morgon. Dei hadde ikkje tenkt på at når det regnar, aukar vassføringa i elva.

Leif Sverre og kona Anne Beth driv lakseparken, campingplass med hytteutleige og tek imot turistar. Med ein stor lavvo som base i Ænesdalen kan gjestene vera med på padling eller vedhogging på gamlemåten, og det er det mange som synest er stas.

– Det treng ikkje vera noko avansert, me bruker naturen som han er. Av og til arrangerer me konsert i den fine vesle kyrkja.

Somme kjem langvegs frå. Ei gruppe kom eins ærend frå Nederland til naturoppleving på Ænes éin dag og for heim att. Då hadde dei vore med på å plukka sopp, kløyva ved, ete hjortemiddag og vore på konsert i kyrkja.

Lakseparken har dei drive sidan 1992. Den tok til i det små, og litt etter litt har dei bygt opp ei turistbedrift som er til å leva av.

Då Kvinnheringen får han i tale, er han nettopp komen til lands etter ein times fjordtur med tyske turistar. Dei har fått lufta seg om bord i ein hurtiggåande båt, rundt Varaldsøy og langs ein del av Kvinnheradfjorden.

Leif Sverre Enes tenkjer ikkje på eigen sommarferie, om veret er aldri så fint på vakre Ænes. Ferien tek dei i november på Tenerife.

Artikkeltags