«Vel norsk»

Av
DEL

MEININGARUnderteikna vil gjerne dela noko av bakgrunnen for interpellasjonen som er sendt til kommunestyret den 14.05.20 med lesarane.

Visste du at når du kjøper til dømes vanleg drikkemjølk kan du vera ganske trygg på at den er norsk? Annleis er det med andre produkt som ost, yoghurt, sjokolademjølk osb. Mange ostar og andre typar bearbeidde matvareprodukt har mindre beskyttelse med eit svakare tollvern, noko som er ei veksande utfordring for den norske matproduksjonen.

Og ja, det er krevjande å halda oversikta over dette. Det enklaste me kan gjera er å sjå etter «Nyt Norge»-merket. Er ungane med på handleturen, gjer det til ein leik å leita etter merket. Kanskje ein kan ta ein prat om kvifor det ikkje er på til dømes appelsinar? Alt kan ikkje produserast i Noreg, men det er ein styrke for oss alle om me produserer det me kan og har føresetnader for.

For valet me tek i butikken, påverkar omfanget av norsk matproduksjon, og det påverkar viktige næringar både i distrikta og byane. Det påverkar arbeidsplasser og verdiskaping. Det påverkar korleis landskapet rundt oss ser ut, som igjen påverkar til dømes turistbransjen. Det er jo kombinasjonane av ei landbruksnæring i drift, og det flotte landskapet me har, turistane higar etter, og ikkje minst betalar, for å sjå.

Det påverkar om den matjorda me har vert halde i hevd. Det påverkar korleis me er stilt i ein eventull krisesituasjon, noko Covid 19-situasjonen har gjort fleire bevisste på. Sjølv om ei gryande hamstring av dopapir, havregryn og tørrgjær førte til at butikkane gjekk tom for nokre varer i starten, så har me vore heldige og stort sett hatt fulle butikkhyller. Me har gode system. Og så lenge det ikkje no skulle dra betydeleg lengre ut i tid, så har me mat.

Men det vil kanskje ikkje alltid vera slik. Større kriser kan komma, sjølv om me sjølvsagt håpar det aldri skjer. Men skulle det oppstå, så ynskjer me vel å vera best mogeleg forsikra?

Me ser no i større grad også kor viktig det er å nytta lokale aktørar elles i samfunnet. Me har òg lært å setja pris på ulike yrke og menneske som jobbar med det som på godversdagar vert teke for gitt, men som er dei som verkeleg ber oss gjennom stormen. Godt me kan verta meir bevisste. Synd det må ei krise til for å skape bevisstheit, men slik er det berre.

Sjølvforsyning er eit samfunnsansvar. Heilt sjølvforsynte vert me aldri i Noreg, difor må me gjera det me kan ut frå dei moglegheitene me har. Matproduksjon er ei av våre viktigaste forsikringar for framtida. Du forsikrar jo huset ditt -i von om at det aldri brenn ned.

Dette er sjølvsagt som vanleg ei oppmoding til den vanlege forbrukar om å velja norsk der det let seg gjera. No ynskjer eg også å oppmoda Kvinnherad kommune om det same.

Det er mange tilsette og mange brukarar som Kvinnherad kommune kjøper og lagar klar mat til. På alt frå ulike institusjonar til kantina på rådhuset. Landbruket er ein del av identiteten til Kvinnherad. Kvinnherad er ein stor primærnæringskommune, både på land og i sjø. Noko som igjen har store ringverknader for andre lokale aktørar i mellom anna ulike serviceyrke, for elektrikarar, dyrlegar, bygg og anlegg, og så vidare. Så derfor bør kommunen, som stor forbrukar av matvarer, gå føre som eksempel.

«Kvinnherad Kommune bør ta mål av seg om å gå føre med eit tydeleg eksempel på at me ynskjer matproduksjon, og vera pådrivar for å vedlikehalda ei sterk næring i distrikta, i vår eigen kommune og i heile landet».

Norsk mat og norske råvarer er reine produkt, med god kvalitet, låg bruk av plantervernmidlar og medisin, både i planteproduksjon og husdyrhald. På lang sikt er det bra både for menneska og økonomien om me held oss friske. Det norske, og det kvinnherske landbruket, er klimavennleg, og vert stadig betre. Mattryggleik, folkehelse, klima og miljø var også blant dei sentrale punkta i landbruksplanen som nyleg låg ute på høyring

Eg har sendt inn ein interpellasjon vedrørande dette til komande kommunestyremøte, med fylgjande forslag til vedtak:

«Kvinnherad kommune skal i alle einingar der kommunen har ansvar for det, i størst mogeleg grad nytta norskprodusert mat og norskproduserte råvarer der det er tilgjengeleg.»

Fakta:

Kvinnherad er den femte største av kommunane i Vestland når det gjeld verdiskaping.

I dag er det 40.418 dekar jordbruksareal i drift i kvinnherad.

Det er 389 sysselsettte i landbruket i Kvinnherad i dag, derav 183 mjølkeprodusentar.

Kvinnherad har også fleire føretak som driv lokal foredling av mat.

I 2018 vart det til dømes produsert 10.879 541 liter kumjølk i Kvinnherad.


Marianne Nordhus, Sp

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags