Du har nå sett Vel tusen, store som små, tok del i festmåltidet: – Dette er noko vi veit at mange set pris på
Vel tusen, store som små, tok del i festmåltidet: – Dette er noko vi veit at mange set pris på
Den store krabbe- og rekefesten trekte kring tusen besøkjande under Sæbøvikfestivalen fredag kveld. Stemninga i teltet var upåklageleg, der folk i alle aldrar fann saman ved langborda. Frå scenen midt i teltet sørgde ein lystig trubadur for god musikk til maten, og på utsida kunne dei yngste få boltra seg i eit stort hoppeslott. – Vi er veldig nøgde, og vi er jo sjølvsagt veldig glade for at vêret blei som det blei. Det har nok stor betydning for besøket, fortalde Kjell Ståle Tofte då Kvinnheringen tok turen innnom. – Spesielt med tanke på barneaktivitetane er vi avhengige av at vêret er bra. Og det er jo det dette handlar om – det skal vera ein familiedag. Det er eit stort fokus for oss, og noko vi veit at mange set pris på.