Petterson klar for ny periode for Kvinnherad Venstre

Kent Are K. Petterson toppar igjen Kvinnherad Venstre si liste. (Arkivfoto).

Kent Are K. Petterson toppar igjen Kvinnherad Venstre si liste. (Arkivfoto).

Kvinnherad Venstre presenterte torsdag si valliste før kommunevalet, med Kent Are K. Petterson og Synnøve Handeland på topp.

DEL

Nominasjonsarbeidet har blitt leia av Annemor Ekeland, Synnøve Handeland og Kent Are Kjørsvik Petterson, står det å lesa i ei pressemelding frå partiet.

– Kent Are K. Petterson har representert Kvinnherad Venstre i kommunestyret i perioden 2015–2019, og har takka ja til å representera Kvinnherad Venstre i neste periode òg. På kumulert plass får han med seg Synnøve Handeland som har representert Kvinnherad Venstre i tidlegare periodar. Kvinnherad Venstre har fått til ei god spreiing både med tanke på geografi, kjønn og alder. Lista inneheld ein god miks av nye og gamle namn, står det vidare i pressemeldinga.

– Ei viktig sak for Venstre er frivilligheit, og vi har lukkast med å knytte til oss personar som i det daglege legg ned ein solid innsats innan dugnadsbasert kulturutvikling; t.d. Heidi Lee (leiar i Sunde Grendalag), Annemor Ekeland som har gått i bresjen for Rock15 og Pink Floyd-prosjekta og Trond Betten som over fleire år har utmerka seg som musikar, festivalutviklar og gründer.

Andre viktige saker Kvinnherad Venstre kjem til å arbeida med er:

  • Næringsutvikling: Leggja til rette for nyetableringar og betra tilhøva til eksisterande næring.
  • Motverka barnefattigdom: Der ein må kartleggje utfordringane og utarbeida tiltak som kan vera med på å løysa desse.
  • Samferdsle: Presse på regjeringa for å få realisert Sunnfast, ferdigstilla Fjelbergsambandet og Kvinnheradpakken, samt planlegga Kvinnheradpakken 2 slik at det kommunale/fylkeskommunale vegnettet vert oppgradert i heile kommunen.

Slik ser vallista til partiet ut:

  1. Kent Are Kjørsvik Petterson - 5452 Sandvoll (f.1983). Kumulert.
  2. Synnøve Handeland - 5451 Valen (f.1968). Kumulert.
  3. Niclas Olderkjær, 5450 Sunde. (f.1986)
  4. Beate Hannisdal - 5464 Dimmelsvik. (f.1966)
  5. Trond Klas Betten - 5460 Husnes. (f.1973)
  6. Tove Helen Nundal – 5460 Husnes. (f.1983)
  7. Kristian Olav Bringedal -5463 Uskedalen. (f.1951)
  8. Heidi Lee – 5450 Sunde. (f. 1976)
  9. Are Blokhus - 5450 Sunde. (f.1975)
  10. Annemor Ekeland - 5451 Valen. (f.1948)
  11. Ragnhild Handeland - 5451 Valen. (f.1996)
  12. Sondre Solheim - 5451 Valen. (f.1980)
  13. Heidi Irene Kjørsvik Petterson - 5450 Sunde. (f.1964)
  14. Kjell Yri - 5463 Uskedalen. (f.1955)
  15. Laila Øvstebø - 5452 Sandvoll. (f.1982)
  16. Marianne Lund Andersen - 5460 Husnes. (f. 1958)
Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags