Slik var desember-vêret

Dette vakre bildet tok Oddbjørg Slåke i Søllesvik vesle julaftan.

Dette vakre bildet tok Oddbjørg Slåke i Søllesvik vesle julaftan.

Av
DEL

Desember har vore bra i år. Første og siste veka regna det, men dei to vekene i midten var nedbørsfrie. På julaftan låg det litt snø på bakken i nokre timar, men den forsvann fort. Gjennom årsskiftet har det vore ganske mildt og snøfritt.

Temperatur

Desember har vore litt mildare enn normalt, men med normalt tal frostnetter. Det er stor forskjell på varmaste og kaldaste desember dei siste 31 åra. Frå +6,6 grader i 2006 til -2,5 i 2010. I fjor var det normalt med +2,8 grader. Temperaturen for 2018 er 9,4 grader. Snittet er 8,9. Her har det variert frå 7,4 i 2010 til 10,6 grader i 2014. I fjor var det heilt normalt med 8,9 grader.

Nedbør

Når det gjeld nedbør er 2018 det mest spesielle året i perioden. Halvparten av årets nedbør kom i løpet av to og ein halv månad frå midt i august og ut oktober. Og dei lange tørkeperiodane i sommar har vi heller ikkje opplevd maken til dei siste 31 åra. Mest nedbør i desember var i 2006 med 433 millimeter, minst i 2002 med berre 44 millimeter. Det kom mykje i fjor også med 421 millimeter. 2017 var også det mest nedbørsrike året med 2.825 millimeter. 1996 skil seg ut med berre 1.482 millimeter. I 2018 har det vore 187 dagar med nedbør. Berre 2010 er betre med 180. Flest var det i 2011 med 249. Det har vore 37 dagar med snø på bakken. I fjor var det 21 og i 2010 var det 109.

Skydekke

Skydekket i desember har vore ganske normalt. Det var nokre klåre, fine dagar midt i månaden. Her er desember 1995 best med 42 prosent skydekke. Mest var det i 2006 med 91 prosent, medan det i fjor var 83 prosent. Også for året er skydekket normalt med 63,5 prosent. Snittet er 64,5 prosent. I 2010 var det 57,5 prosent, og i 2011 73 prosent. I 2017 var det 72,5 prosent skydekke.

Korleis blir vêret i 2019?

Det vi kan håpa på er at rekordane i 2018 med tørke og nedbør ikkje blir slått. Det beste er nok ei jamnare fordeling av nedbøren. Varmerekorden frå 27. juli med 33,6 grader må gjerne bli ståande i mi tid. 30 dagar på rad utan nedbør er også meir enn nok. I januar i fjor var det +2,5 grader, 239 millimeter nedbør og det var 78 prosent skydekke. Det var 10 dagar med snø på bakken med 4 centimeter på det meste.

Cort Holtermann

Utrekningane er baserte på uoffisielle målingar på Utåker.


DESEMBER 2018SNITT 1988–2018
Høgaste maks. temp.19/12: +8,5+10,1
Lågaste min. temp.14/12: -3,5-4,9
Gj.snitt midd.temp.+3,8+2,9
Frostdøger/netter0/103/11
Nedbør i desember155250
Nedbør i 201820922250
Mest på eit døger31/12: 24
Tal døger m/nedbør1720
Dagar m/snø på bakken38
Største snømengd (cm)5/12: 2
Skydekke74 %71 %
Heilt klåre dagar33
Heilt overskya dagar1514

Artikkeltags