– Vestland fylke vidarefører alle prosjekt

Her ser du f.v. fylkesordførar Jon Askeland, Bjørn Lødemel (Sogn og Fjordane Næringsråd), Marit Warncke (Bergen Næringsråd) og Natalia Golis (fylkesvaraordførar). (Foto: Bergen Næringsråd).

Her ser du f.v. fylkesordførar Jon Askeland, Bjørn Lødemel (Sogn og Fjordane Næringsråd), Marit Warncke (Bergen Næringsråd) og Natalia Golis (fylkesvaraordførar). (Foto: Bergen Næringsråd).

Alle oppstarta og planlagde bygg- og vedlikehaldsprosjekt i regi av Vestland blir vidareført. Dette er ein av fleire positive konklusjonar etter eit møte mellom fylkeskommunen og næringsorganisasjonar i Vestland fylke der Kvinnherad Næringsservice òg deltok.

DEL

Næringsalliansen i Hordaland og Sogn og Fjordane Næringsråd representerer meir enn 3000 verksemder og 130.000 arbeidsplassar i Vestland fylke. Den dramatiske situasjonen, særleg for små og mellomstore verksemder, var eit sentralt tema då organisasjonane i går møtte representantar for Vestland fylkeskommune.

– Det er som å bli treft av to tsunamiar på éin gong. Korona-epidemien set næringslivet på store prøvar, og den rekordlåge oljeprisen forsterkar det dystre bildet for heile leverandørindustrien, seier Marit Warncke på vegne av Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland.

Næringsorganisasjonane ventar at den neste tiltakspakken frå regjeringa vert retta mot små og mellomstore verksemder med låge marginar og liten likviditet.

– Men lokale og regionale styresmakter må òg medverka til at skadeverknadane vert avgrensa. Fylkeskommunen har ei viktig rolle som oppdragsgivar på bygg- og vedlikehaldsprosjekt. Vi er veldig glade for at Vestland fylke vidarefører desse, slik at arbeidsplassar kan vernast om.

I møtet vart ei rekkje konkrete framlegg drøfta, mellom anna desse:

o Alle oppstarta og planlagde byggeprosjekt i regi av Vestland må vidareførast.

o Kommunikasjonstilbodet må ikkje reduserast meir enn i dag. Det er heilt avgjerande at ferjer og annan kollektivtrafikk effektivt sikrar arbeidsreiser og vareflyt.

o Kommunale og fylkeskommunale restriksjonar på arbeids- og næringsreiser må opphevast. Ordningar for utsetjing av kommunale avgifter og skatt må koordinerast i heile fylket.

Fylkesvaraordførar Natalia Golis og leiaren i hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon, Tor André Ljosland, fekk òg høyra kor viktig Vestland si rolle er som koordinator av kommunane og som formidlar av næringslivet sine interesser i møte med sentrale styresmakter.

– Dialogen med næringslivet er av stor verdi for oss. Vi klarar ikkje å treffa tiltak til rett tid utan god og open dialog med næringslivet, seier Natalia Golis.

– Vi i Vestland fylke skal aktivt medverka til å minimera skadeverknadane, både på kort og lang sikt. Vi skal sikra at det blir skapt nye arbeidsplassar gjennom omstilling, grøn konkurransekraft og entreprenørskap, lovar fylkesvaraordføraren.

– Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland representerer det breie spekteret av næringslivet i Vestland. Difor er det positivt at vi kan ha møte med Vestland fylkeskommune. Det vert òg viktig å halda ein kontinuerleg dialog framover, seier Bjørn Lødemel, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd.

Alle som deltok i møtet er samde om at det er heilt avgjerande for liv og helse og for næringslivet at smittesituasjonen kjem under kontroll. Dette er det aller viktigaste tiltaket akkurat no, og det vil medverka til at næringslivet i heile Noreg kjem på fote igjen.

Må stå saman

Prosjektkoordinator i Kvinnherad Næringsservice (KNS), Kristine Røyrvik, seier det er viktig at aktørane i Næringsalliansen jobbar tett saman:

– Vi har spelt inn korleis situasjonen er i våre område. Her er det viktig å stå saman i tida framover. Vi må rusta oss godt for tida som kjem etter at toppen av korona-krisa har lagt seg. Eg oppmodar dei bedriftene som ønskjer råd, tips eller bare nokon å snakka med om å ta kontakt med oss. Vi følgjer òg godt med på dei ulike tiltakspakkane, samt ulike støtteordningar regionalt og nasjonalt som kan vera til hjelp for Kvinnherad-bedriftene. Eg oppfattar at det i løpet av kort tid kan bli lansert ei fylkeskommunal tiltakspakke, seier Røyrvik.

Prosjektkoordinator i Kvinnherad Næringsservice, Kristine Røyrvik. (Arkivfoto).

Prosjektkoordinator i Kvinnherad Næringsservice, Kristine Røyrvik. (Arkivfoto).

Ordføraren svarer næringslivet

Kvinnherad Næringsservice og Kvinnherad kommune inviterer til live møte med ordførar Hans Inge Myrvold onsdag i neste veke, der han svarar næringslivet.

– Arrangementet vil føregå på Facebook, og spørsmål og innspel kan sendast inn allereie no. Kva kan kommunen gjera? Kva kan KNS gjera? Kva kan bedriftene gjera? seier Røyrvik.

Ho legg til at dei heile tida følgjer med på dei nasjonale smittevernreglane, og at ho gler seg til å invitera til arrangement i regi av KNS igjen så snart det er trygt igjen.

Artikkeltags