Vestland lyser ut miljøpris på 70.000 kroner

Fylkesordførar Vestland, Jon Askeland (Sp).
Foto: Margunn Sundfjord / NPK

Fylkesordførar Vestland, Jon Askeland (Sp). Foto: Margunn Sundfjord / NPK

Av

No inviterer Vestland fylkeskommune til å nominere personar, lag, organisasjonar og verksemder til den første klima- og miljøprisen i fylket.

DEL


Prisen på 70.000 kroner skal gå til nokon som har gjort ein ekstra klima- og miljøinnsats. Fylkesordførar Jon Askeland seier at dei både leitar etter dei gode døma i kvardagen og dei gode forretningsideane.

– Fellesnemnaren for vellukka klima- og miljøarbeid er haldningar og vilje til å ta grep. Vi ynskjer med klima- og miljøprisen å løfte fram dei gode døma, dei som viser veg og dei som motiverer andre, seier han i ei pressemelding.

Andre stikkord for prisen er kreativitet og evne til nyskaping. Prisen skal vere til inspirasjon og motivasjon for andre aktørar i fylket.

Alle kan nominere kandidatar til klima- og miljøprisen, og fristen er 28. februar.

(©NPK)


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken