84-åringen har via livet sitt til dame- og herremote. No er det snart slutt, skriv Sunnhordland.

– Det er vemodig. Eg kvir meg til det er over, for helsa mi er betre enn på fleire år, seier Irgens til avisa.

Han flyttar ut av butikken sin i Borggata på Leirvik 27. august.

Oppussing av bygget som butikken held til i, gjer at leiga vil stiga, og då såg halsnøybuen ingen annan utveg enn å setta punktum for verksemda etter ein lang karriere i motebransjen, ifølgje Sunnhordland.

Irgens opna klesbutikk på Stord i 1987 då han flytta verksemda frå Sunde etter 25 år der.

– Nei, sei det. Det freistar jo ikkje så veldig å setja seg heime og sjå på tv og venta på kvelden. På ei annan side så er det ikkje så enkelt å søkja jobb som 84-åring, heller. Mest av alt håpar eg vel på eit under, fortel Gunnar Irgens på spørsmål om kva han no skal gjera på.