Vetle (16) er i risikogruppa: – Ein blir veldig sårbar i ein situasjon som denne, seier mamma Beret

Familien har førebudd ungane på at dei må vera isolerte på ubestemt tid framover, og sjukehusbagen er pakka og klar: – Vi uroar oss for at folk skal bli trøytte av å følgja råda til helsestyresmaktene, og begynna å ta sjansar som kan vera direkte livsfarlege for Vetle og andre i risikogruppa, seier Beret Tellefsen Hveem.