Som du kanskje har fått med deg, så fyller Kvinnheringen 50 år i år. I samband med dette vil vi ha ei ny kåring av «Best i Kvinnherad». Målet vårt er å skapa engasjement blant lesarane våre, og ikkje minst gi heider og ære til dei som fortener ros og oppmuntring.
I år skal Kvinnheringen kåra den beste i følgjande kategoriar:
♥ Beste servicebedrift
♥ Beste tatovering
♥ Beste kjæledyr
♥ Beste køyretøy
♥ Beste sjef
♥ Beste patriot
Slik nominerer du
Og no treng vi di hjelp til å nominera kandidatar! Du kan nominera andre, eller deg sjølv, men du må skriva ei grunngjeving til oss om kvifor du meiner at den eller det du nominerer fortener å vera med i kåringa.
Send oss forslaget ditt på e-post ([email protected]), og skriv kategorien du nominerer til i emnefeltet i e-posten. Til dømes slik: «Nominasjon til Beste servicebedrift».
Fristen for å senda inn nominasjon er 20. april.
Av alle som sender oss nominasjonar trekker vi ein vinnar som får eit gåvekort på 1000 kroner på Husnes Storsenter.
Når fristen er ute, vil redaksjonsjuryen plukka ut fem kandidatar innanfor kvar kategori, som lesarane våre kan stemma på. Den kandidaten som får flest stemmer, vinn tittelen «Best i Kvinnherad» innanfor sin kategori, og vil få eit synleg diplom som bevis på sigeren i kåringa vår.
Kategoriane
Her kan du lesa litt meir om kategoriane. Du kan nominera fleire innanfor same kategori, og senda inn nominasjon innanfor fleire kategoriar:
Beste servicebedrift
Mange bedrifter i kommunen vår yter service, innanfor mange ulike fagfelt. Det kan vera bedrifter med handtverkarar, butikkar som sel ulike varer, restaurantar eller bensinstasjonar, for å nemna noko. I denne kategorien er vi på jakt etter kandidatar som verkeleg yter god service og strekkjer seg litt ekstra for kundane sine!
Beste tatovering
Elska og hata, tatoveringar er kroppskunst med uendelege variasjonar, der nesten berre fantasien set grenser. Om du ikkje har ei tatovering sjølv, kjenner du sannsynlegvis nokon som har. I denne kategorien er vi på jakt etter vakre eller spesielle tatoveringar, eller tatoveringar med ei spesiell historie bak. Vi ser altså etter tatoveringar som er litt meir visuelt innhaldsrike enn berre eit enkelt namn eller symbol.
Beste kjæledyr
Å kåra det beste kjæledyret i Kvinnherad kan nok bli ei utfordring, men her er vi ute etter kandidatar som har noko meir spesielt ved seg enn at dei berre er søte, kule eller fine. Har du, eller nokon du kjenner, eit dyr som anten er veldig sjeldan, som kan eit spesielt triks eller som har betydd noko ekstra for eigaren sin? Når det er sagt – vi vil gjerne ha inn mange nominasjonar, så det er betre om du sender inn eit forslag enn om du let vera!
Beste køyretøy
Vi veit det finst mange spesielle køyretøy i kommunen vår, og ein del av dei har vi omtalt i avisa. Til dømes spesielle bilar eller motorsyklar, som eigaren har jobba mykje med og lagt mykje pengar i. Desse kan sjølvsagt nominerast fordi dei er spesielt lekre eller unike, men kanskje veit du om eit køyretøy som fortener ein nominasjon av heilt andre grunnar? Send oss eit forslag, då vel!
Beste sjef
Ein god sjef er ein som ser sine tilsette og tar vare på dei, som lyttar og kjem med konstruktive tilbakemeldingar, og som rosar når det er fortent. Hen er godt likt av kollegaene, av fleire grunnar. Kanskje på grunn av det hen gjer i kvardagen, eller fordi vedkommande har gjort ekstra stas på staben. Her tenker vi i hovudsak på leiarar i bedrifter, og vi veit det finst mange av det slaget i Kvinnherad, men kanskje kjenner du ein annan type sjef som fortener ros og heider? Det er lov å tenka utanfor boksen!
Beste patriot
Ordboka definerer ein patriot som ein «varm tilhengjar, sympatisør». Veit du om ein ihuga patriot som brenn for noko spesielt? Det kan vera ein bygde-patriot, ein fotball-patriot, ein frilufts-patriot, ein nynorsk-patriot og så vidare. Den du nominerer må vera lokal, og hugs å gje oss ei grunngjeving om kvifor han eller ho fortener å løftast fram.
