«Vi står med polske kvinner»

Av
DEL

MEININGAR Fridom til å bestemme i eiga liv er ein grunnleggande humanistisk verdi. Derfor vil vi i Human-Etisk Forbund i Kvinnherad syna vår støtte til polske kvinner, som nyleg blei offer for nok ei innstramming i abort-rettar grunna kristenkonservativ innblanding i politikken.

22. oktober 2020 fastslo Polens grunnlovsdomstol at kvinner ikkje lenger får lov til å ta abort dersom fosteret har alvorlege skader. Desse abortane har tidlegare utgjort 98 % av alle legale abortar i Polen, og med den nye lova tyder det i praksis at det er slutt på lovleg abort.

Abortforbodet i Polen er ei dyster endring. I dag er det altså berre lov til å ta abort dersom graviditeten er ei følgje av valdtekt eller incest, eller dersom kvinna si helse eller liv er i fare. Partileiar Jaroslaw Kaczynski sa i 2018 at regjeringspartiet PIS vil jobba for å sikra at «sjølv svært vanskelege graviditetar, der barnet er dødsdømt og alvorleg deformert, vil enda i ein fødsel. Slik kan barnet bli døypt, gravlagt og gjeve eit namn».

Prawo i Sprawiedliwość (PiS) er Polen sitt største politiske parti, og heiter på norsk Lov- og rettferdspartiet. PiS er eit nasjonal-konservativt, kristent og høgrepopulistisk parti. Partiet brukar religion som grunngjeving for å snevra inn rettane til kvinner, livssynsminoritetar og LHBT-personar. Difor har vi i Human-Etisk Forbund no sendt brev til utanriksminister Ine Eriksen Søreide, og bede om at norske myndigheiter gjev tydeleg melding til polske styresmakter om at Norge meiner innsnevringa av kvinner sine rettar er uakseptable.

I Human-Etisk Forbund jobbar vi for alle sin fridom til å velje sjølv, enten det er kven ein skal elske, kva ein skal tru eller ikkje tru på, eller om ein skal ha barn eller ikkje. Vi setter mennesket i sentrum, det betyr at det er opp til oss sjølv å skape meining i liva våre, men også ta avgjerder om kva vi skal og vil med liva våre. Difor meiner vi at religion ikkje skal få styra politikken, fordi det kan få svært alvorlege konsekvensar som vi no ser i Polen. Også andre stader i verda ser vi at når religion vert brukt politisk for å ivareta nasjonal identitet er det alltid kvinner og minoritetar som må betala dyrt for det.

Staten må sikra alle sin trusfridom, heller enn å bruka ein utvald religion til å innsnevra folk sine liv. Også i Noreg har vi sett slike forsøk, blant anna då KrF ville gje legar reservasjonsrett mot kvinner som søkte abort.

Vi i Human Etisk Forbund i Kvinnherad står samen med polske kvinner. #vistårmedpolskekvinner


Gaute Lund

Human-Etisk Forbund

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken