Gå til sidens hovedinnhold

Vi vil ha lesarane sine halloween-bilde!

Send oss bilde frå halloween-feiringa di og bli med i konkurransen om ein Kvinnheringen-ryggsekk.

Korona-pandemien set kanskje ein stoppar for dei store halloween-festane på grunn av smittevern, men det er heilt sikkert nokon som skal feira litt likevel. Til dømes skreiv vi nyleg om Diana Ousdal i Omvikdalen, som skal ha ei feiring med familien.

Skal du kle deg ut i skummelt kostyme, eller kanskje pynta heimen med halloween-dekorasjonar, så vil vi gjerna ha tilsendt bilde! Dei kan bli brukte i ein bildekarusell her på nettavisa, eller i papiravisa.

Send bilde til redaksjon@kvinnheringen.no, og hugs å ta med namn på personar på bildet og kven som er fotograf. Du kan òg bruka emneknaggen #kvinnheringenhalloween på Instagram.

Vi trekker ut éin vinnar av bildekonkurransen som får ein Kvinnheringen-sekk med kjekke og nyttige effektar oppi.

Les også

Neste helg er det halloween – kommuneoverlegen anbefalar at ein finn alternativ til å gå frå dør til dør i år (+)

Kommentarer til denne saken