«Vidarefør CO2-kompensasjon og redusert nettleige for den kraftintensive industrien»

(Illustrasjonsfoto).

(Illustrasjonsfoto).

Av
DEL

MEININGAR LO i Kvinnherad vil ha ei vidareføring av CO2 kompensasjon, og redusert nettleige til den norske industrien. Med dette så er ein med på å bevare norske arbeidsplassar, samstundes som ein hindrar at produksjonen går til område i verda kor dei ikkje har så grøn produksjon.

Hydro Husnes er Kvinnherad si hjørnesteinsbedrift. I 2009 måtte Hydro Husnes stenge ned eine hallen då det kom ei internasjonal økonomisk krise. Vidare har ein i 2020 måtte utsetje oppstarting av B-hallen.

Hydro har investert over 1,5 milliardar kroner til restarten av B-hallen. Det er også planar for å satse på nye aluminiumsprodukt, og ein har spesialisert seg på produksjon av pressbolt. Når den nye hallen opnar vil ein produsere over 190.000 tonn primæraluminium kvart år. Ny teknologi frå Karmøy-piloten gjer at ein vil ha 15 % lågare energiforbruk for kvar kilo aluminium enn før. Tilgangen på konkurransedyktig strøm er avgjerande, då vi konkurrerer på ein beinhard global marknad med stramme marginar. Vasskrafta har vore sentral så langt, og vil fortsatt vera det i det grøne skiftet.

Lokale og bedrifter i regionen får oppdrag herifrå som såleis skapar sårt tiltrengte arbeidsplassar. Ein er difor avhengig av at hjørnesteinsbedrifta går godt.

Hydro Husnes og andre kraftkintensive verksemder er avhengige av langsiktige, berekraftige rammevilkår. Dei er avhengige av at dei får vidareført CO2-kompensasjonsordninga som ein fekk i 2012, og nettleige på linje med konkurrentane elles.

Statnett vil auke nettleiga til industrien no når dei skal investere i nettet for mellom 35 og 45 milliardar kroner. Industrien vil då få 50% reduksjon i nettleiga. Til samanlikning har Tyskland og Frankrike 90 % rabatt på nettleiga for sine industribedrifter. Hydro vil tape 250 millionar kroner dersom nettleiga aukast. Eventuelle ekstrakostnadar vil slå rett inn på botnlinja, og det kan råka planlagde investeringar.

Industrien treng meir strøm, det blir høgare aktivitet ved verka våre. Det betyr fleire hender i arbeid og fleire varer og tenester som kjøpast frå lokalt næringsliv. Ringverknadane av industri er massiv. Industrien i Noreg er av den grønaste i verda, og for å bli betre må me ta i bruk karbonfangst og lagring til elektrolysebasert hydrogen. Den teknologien krev mykje strøm, og så er vi i runddansen...

Styret LO i Kvinnherad

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags