Hadde sju spekkhoggarar rundt båten

    Artikkelen er over 2 år gammel

    Sjekk denne knalltøffe videosnutten som Maricha Fjelland filma fredag, av heile sju spekkhoggarar som svømde berre meter frå båten deira på Halsnøy!

    DEL

    Maricha er utflytta kvinnhering, og bur no rett utanfor Kristiansand. Ho var heimom Halsnøy på ferie saman med sambuaren sin, då dei opplevde noko heilt spesielt:

    – Ein kamerat av meg såg noko i sjøen ved Eidsmarka frå vindauget i 11-tida fredag morgon, og då vi skjøna at det truleg var spekkhoggarar heiv vi oss i båten til bror min, fortel Fjelland.

    Ingen av dei fire i båten har nokosinne vore så tett på spekkhoggarar før, og ei stund var dei berre fem-seks meter ifrå dei. Dei følgde spekkhoggarane ein halvtime, medan dei svømde mot Høylandsbygd.

    – Eit ganske spektakulært syn vi neppe kjem til å gløyma med det første! fortel Fjelland til Kvinnheringen.

    Ifølgje Wikipedia er spekkhoggaren ein delfinart som høyrer til tannkvalane. Ein vaksen hann-spekkhoggar kan bli opptil 9,5–10 meter lang og vega opp mot åtte tonn (seks tonn er normalt), ho-spekkhoggaren er noko mindre og blir opptil 8,5 meter lang og veg gjerne rundt fem tonn. Det gjer spekkhoggaren til den største av alle delfinar. Spekkhoggaren har også den høgaste finnen av alle kvalar, med ei høgd på opptil to meter (hannar).

    Send tekst og bilde «

    Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

    Artikkeltags