No kan elevane på Kvardagsliv-linja på KVV komma seg nesten kor dei vil ved hjelp av ein ny, stilig og funksjonell el-sykkel. For at vi skulle få eit innblikk i korleis det er å farta rundt på den nye «doningen», inviterte miljøfagarbeidar Britt-Elin Haga og elev Jørn Marken (17) Kvinnheringen med på tur.