Éin mann - 16 songar

Artikkelen er over 2 år gammel

Musikar og kulturskulelærar Mauricio Weimar har smelta saman 16 songar og fleire instrument til eitt musikkstykke. Sjå den tøffe videoen her:

DEL

For få dagar sidan kunne Mauricio Weimar endeleg publisera videoen som han har brukt mykje tid på, og han har, naturleg nok, fått svært god respons. For det er eit imponerande stykke arbeid den brasilianske musikaren og læraren i Kvinnherad kulturskule har gjort.

- Eg har brukt feriane mine til å spela inn delar frå 16 afrikanske marimbasongar og smelta dei saman til éin video. Eg spela alle fem marimbaane og perkusjonane i eitt tak kvar, utan kutt, og sidan putta eg alle saman på skjermen. Eg visste at dette ville krevja mykje arbeid, sidan eg gjer alt sjølv, men eg tok ein sjanse og etter litt meir enn ti timar med arbeid, eg er godt fornøgd med resultatet, fortel Weimar til Kvinnheringen.

Han seier at han lenge hadde hatt lyst til å laga ein skikkeleg kvalitetsvideo, til underhaldning for alle interesserte.

- Som tilsett i Kvinnherad kulturskule følte eg at eg måtte levera gode resultat i arbeidet mitt, og éin kanal til å gjera dette gjennom, er internettet. Eg har hatt tilgang på profesjonelt utstyr både frå kulturskulen og privat, forklarer han.

Prosessen starta med å velja ut og planlegga songar som passa, og så spela inn berre lyden frå kvart instrument - eitt om gongen - ved hjelp av eit metronom.

- Etter det spela eg inn videoane separat, og då var det svært viktig å hugsa eksakt kva eg hadde spela inn av melodiar i forkant, elles ville ikkje desse ha synkronisert på videoen.

Det endelege resultatet er ein morosam og lærerik video i 4K-teknologi.

- To dagar etter publiseringa på YouTube hadde eg allereie nesten 1.500 visningar, og mange hadde delt videoen, noko eg synest er stor stas, seier den kreative musikklæraren.

Artikkeltags