Det er nesten ikkje grenser for kor frekke dei ekle brunsniglane er. Her har Arne Gjerde fanga eit merkeleg fenomen på film, nemleg av «flygande» brunsniglar som firer seg ned via på rosene ved hjelp av ein slimtråd. Fysj! (Du som sit og nyt kaffi ute i hagen eller på terassen bør kanskje passa på at det ikkje kjem ein plumpande oppi koppen før du tek ein slurk).