Éin fjerdedel av fisken som vert slakta på Sunde endar opp som sushi-mat i eit asiatisk land

Av
Publisert

DET GODE LIVET I KVINNHERADI den tradisjonsrike fabrikkbygda Sunde finn ein lykkelege menneske, fisk med høg velferd og solskin over Viking Fjord. Der blir 1,5% av all produksjonslaksen i verda sløgd og sendt vidare til verdsmarknaden.

– Gerhard Meidell Alsaker starta opp her i 1993. Alsaker Fjordbruk starta opp på Tysnes i 1986. Firmaet produserer alt frå rogn og smolt til laks. Me har difor full kontroll gjennom heile kjeda, til laksen er slakta og frakta i bil herfrå. Her på Viking Fjord har me seks merdar, som kvar kan ta 200 tonn fisk. Frå fisken vert pumpa opp av merden til den ligg ferdig sløgd i kassar med is i bilen, tar det om lag to timar. Me reknar på at me slaktar 15 tonn i timen, ein fisk i sekundet, fortel Kjetil Haktorson, medan ein utfyllande powerpoint rullar over lerretet.

– Av 100% fisk er det om lag 16% blod og innvollar. No blir alt brukt, så me får betalt for heile fisken me produserer. Blodet og innvollane vert nytta som dyrefôr, fortel Haktorson.

– Av 100% fisk er det om lag 16% blod og innvollar. No blir alt brukt, så me får betalt for heile fisken me produserer. Blodet og innvollane vert nytta som dyrefôr, fortel Haktorson.

Glad laks

Kjetil Haktorson er slakterisjef, og er samstundes ein av dei som har jobba i verksemda i nesten alle år. Han byrja året etter at slakteriet vart etablert på Sunde, og stortrivst. Ein kan lett ty til den noko tørre samanlikninga, og sei han er ein glad laks. Han ler då eg poengterer det, og understrekar at han ikkje er åleine. Dei er rundt 70 tilsette, og arbeidsmiljøet vert beskrive som svært godt.

Powerpointen viser bilete av tilsette som står ved maskinane sine, der dei stappar jamstor fisk inn til ei heilautomatisk sløyemaskin. Fisk som er for liten eller stor for maskina vert sløgd på gamlemåten, på ein eigen benk. Blir dei ikkje leie av å stå slik og stappa fisk? Det kan nesten minna om ein anna "spennande" aktivitet; å panta flasker.

Stabile oppgåver og lite drama

– Nei, me har faktisk prøvd å ha rullering på oppgåvene, men merka at det var nokon som ikkje syntest det var særleg kjekt. Dei vil gjera det dei er vane med, og ved å ha ei oppgåve ein trivst med, vil ein også kunna legga til rette for at dei individuelle posisjonane vert tilpassa til den som står der. Me har eit veldig godt arbeidsmiljø her, kjekke folk, fine pausar og lite drama, fortel Haktorson blidt, før han hastar ut av lokalet. Han må berre visa meg noko.

Litt etter kjem han attende med fråværsstatistikken. Den er forsvinnande liten, og vert mindre for kvart år. Haktorson og bedriftshelsetenesta såg tydelege endringar i den perioden då dei bestemte at det skulle vera rullering på oppgåvene, og understrekar at alle som arbeider der har stillingar på 100% og får lik lønn for likt arbeid. Det gjer noko med tryggleiken, både økonomisk og for korleis arbeidsdagen til dei tilsette vert lagt opp. Desse rammene speglar det låge fråværet, trur han.

Ein av fire fiskar som vert slakta på Sunde hamnar i Asia, der det meste går til sushi. Elles ligg Polen på topp for vidareforedling av laksen, og mykje vert difor frakta dit. Alsaker Fjordbruk er den trettande største matfiskprodusenten i Noreg, og har totalt 22 lokalitetar i Hordaland og Rogaland, der seks av dei, samt slakteriet, ligg i Kvinnherad.

Sunde er ei bygd med lange tradisjonar innan matfisk. Viking Fjord held absolutt liv i denne.

Sunde er ei bygd med lange tradisjonar innan matfisk. Viking Fjord held absolutt liv i denne.

Artikkeltags