I eit lesarbrev i Grenda og Kvinnheringen etterlyser Kristian Hus meir enn to viktige valkampsaker.

Dette skjer omlag samstundes som FNs klimapanel offentleggjere sin siste rapport om klimatilstanden på jorda. I denne konstaterer forskarane i panelet at det vil vera umogleg å halda temperaturen på kloden på eit forsvarleg nivå utan å endra korleis vi produserer mat, kva mat vi et og korleis vi forvaltar landområda i verda.

I Kvinnherad kommune må ein ha fokus på desse utfordringane i komande valperiode. Vår listekandidat Knut Førland, hadde for ei tid tilbake eit lesarinnlegg i lokalavisene med tema «Nei til matsvinn». I dag viser rapporten frå FNs klimapanel at ei kjempesatsing for å redusera matsvinn er heilt avgjerande for framtida vår. Rapporten anslår at 25–30 prosent av all matproduksjon vert mista eller kasta. Kristian gløymde denne viktige valkampsaka i lesarinnlegget sitt.

Det er behov for eit taktskifte når det gjeld miljøspørsmål i Kvinnherad. MDG vil vera ein garantist for dette. Kort fortalt meiner MDG at menneske og miljø kjem først. For oss vil dette vera førande for alle politiske vegval vi gjer.

Kristian Hus gløymde elles å nemna lesarinnlegget vårt for nokre veker sidan om «nykokt mat og god eldreomsorg». Dette er ei av flaggsakene våre, og vi vil arbeida aktivt for å styrkja eldreomsorga og tenestetilbodet til personar med nedsett funksjonsevne. Eit betre mattilbod er her viktig, og vi vil halda fram arbeidet med å sikra bebuarar på alle sjuke-/ aldersheimar nykokt middag av høg kvalitet.


Miljøpartiet Dei Grøne seier:

- Ja til redusert matsvinn.

- Nei til vindmøller i urørt natur.

- Nei til fossil cruisetrafikk i Kvinnherad.

- Ja til at alt oppdrett skal skje i lukka anlegg innan år 2025.

- Ja til fritak av eigedomsskatt for dei som monterer solcelleanlegg på eigen eigedom.

- Ja til energiøkonomisering i kommunen sine bygg.

- Ja til ei storsatsing på grøn næringsutvikling i Kvinnherad, med fokus på hydrogenproduksjon og elektrifisering.

MDG har også ein landbrukspolitikk som viser at vi set stor pris på dei som produserer mat i landet vårt. Bygdene er svært viktige i den samanhengen. MDG vil støtta bøndene i den omstillinga som kjem, og for å sikra matproduksjonen seier vi nei til all nedbygging av jordbruksareal.

MDG sine vallovnader er med få unntak ikkje kostnadskrevjande for kommunen. Det er meir snakk om ei nødvendig omstilling for å løyse dei alvorlege klimautfordringane vi står midt oppi. For oss er årets val først og fremst eit val for å ta vare på det yrande og fantastiske livet på planeten vår.

Når det gjeld spørsmålet om kven vi vil samarbeida med etter valet, så kan MDG som eit blokkuavhengig parti i realiteten samarbeida med alle. Til sjuande og sist vil det heile bli avgjort av kven som gir oss best utteljing for politikken vi står for.

Jostein Saghaug

MDG - Miljøpartiet Dei Grøne - Kvinnherad