Gå til sidens hovedinnhold

Vil ha 15 flyktningar i 2019

Artikkelen er over 2 år gammel

Rådmannen tilrår at Kvinnherad kommune tek imot 15 nye flyktningar i 2019.

Integrerings og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har i brev til kommunen oppmoda Kvinnherad om å ta imot 15 flyktningar, og rådmannen tilrår at kommunen gjer dette.

Saka skal opp i formannskapet komande torsdag.

I perioden 2016 til 2018 har kommunen busett 95 flyktningar, og 15 einslege mindreårige flyktningar. Ein rapport frå IMDI syner frå 2017 syner at 60 prosent av dei som har delteke i introduksjonsprogrammet i Kvinnherad var i arbeid eller utdanning året etter.

Kommentarer til denne saken