Gå til sidens hovedinnhold

Vil ha fleire born med på øving

Artikkelen er over 1 år gammel

Barnekoret i Rosendal melder i ei pressemelding at born fødd frå 2015 og eldre er inviterte til øvingar i vinter og vår. Koret øver omtrent annankvar torsdag.

– Vi gler oss over at Bjarte Leithaug kjem til Kvinnherad kyrkje 15. februar, og alle born i kommunen er inviterte til bli med på heildagsøving og ettermiddagskonsert! Kjente songar som «Skal vi være venner» og «Jeg liker dine store ører» er sjølvsagt med. Alle born uansett om dei veit noko om Jesus eller ikkje kan vera med – velkommen til nye og dei som har vore med før, melder korleiarane Solfrid Hellesøy Siqveland og Hallgjerd Kofoed Hegland.

Barnekoret er medlem i Norges søndagsskuleforbund som har mottoet «Jesus til borna».

Kommentarer til denne saken