Det er produksjonsselskapet Fremantle som produserer Norske Talenter for TV2, og ein er snart i gang med sesong 10 av det populære programmet.

I 2008 vann Erlend Bratland, i 2014 var senterleiar Geir Jakobsen deltakar med humorgruppa «Han Innante», og i fjor var dei unge songtalenta Maia Torsvik Fredheim frå Rosendal og Celina Prestnes Ersland frå Sunde deltakarar – for å nemna nokre.

– Vi er på leit etter nye talent til den 10. sesongen, og då tenkte eg sjølvsagt at dette måtte ut i Kvinnherad sidan det finst så mange herlege og flinke folk som både kjem derfrå og som bur der! Sjølv har eg ei bestevenninne som kjem frå Kvinnherad, og eg har derfor vore mange helger og feriar på Gjermundshamn. Vi har allereie fått mange flotte og flinke søknader til årets sesong, men saknar søkarar frå Kvinnherad. Eg håpar at fleire vil søka i år og vera med å setja Kvinnherad på kulturkartet i Norge! skriv Sofie Nilsen, som er praktikant i produksjonsselskapet Fremantle.

Ønskjer du å melda deg på tv-programmet kan du gjera det her.