Gå til sidens hovedinnhold

Vil ha påmelding til gudstenestene i jula

I år blir det færre gudstenester i jula, og kyrkja i Kvinnherad ønskjer derfor påmelding til desse på førehand.

– I år blir det færre gudstenester på julaftan. Vi må no ha to meter mellom kvarandre når vi syng, og i mange kyrkjer blir det no plass til ganske få deltakarar, melder sokneprest Kjersti Brakestad Boge i ei pressemelding.

Det blir nokre gudstenester med påmelding – i Kvinnherad kyrkje, Varaldsøy kyrkje, Hatlestrand kyrkje og Ølve kyrkje.

På 1. juledag er det gudsteneste med påmelding på Husnes.

Det blir opne gudstenester utan påmelding i Eid kyrkje, Åkra kyrkje og Kvinnherad 1.juledag, med plass til 50 personar.

2. juledag blir det open gudstenste i Hatlestrand kyrkje og Uskedal kyrkje.

Soknepresten melder òg at det blir laga ei digital julegudsteneste som er tilgjengeleg på www.kvinnherad.kyrkja.no på julaftan. Det blir direktesendt gudsteneste frå Kvinnherad kyrkje 1. juledag på same nettside.

Det blir påmelding til gudstenestene på kyrkjekontoret frå onsdag 16. desember, anten ved å ringa i kontortida, eller senda sms til telefonnummer 48038628. På sms må ein skriva namn, kva for ei kyrkje ein vil koma i og kor mange som kjem, opplyser Boge.

Kommentarer til denne saken