Dei siste tre åra har kommunane Kvinnherad, Eidfjord og Ulvik finansiert drifta av Cruise Destination Hardangerfjord. Når det no skal spikrast ein ny treårig prosjektperiode, har Kvinnherad valt å takka nei til å fornya samarbeidet.

Det kjem fram i eit brev frå kommunen som er lagt ved i møteinnkallinga til formannskapet.

«Kvinnherad kommune vedtok i 2020 ein ny cruisestrategi. Ei føring i cruisestrategien har vore å sette eit makstal på 1.000 cruisepassasjerar per dag som er i Rosendal. Då er trafikken lokalt forankra, balansert og konfliktane blir minimert», skriv Kvinnherad kommune i eit brev til Cruise Destination Hardangerfjord.

Avslår søknad om stønad

Vidare peikar kommunen på at deira erfaringar med cruisestrategien viser at reiarlaga rettar seg etter den.

«Vi har òg fått ei spreiing av cruisetrafikken over heile året noko som er bra i eit berekraftperspektiv. Vi har god kontakt med reiarlaga og evnar saman med Rosendal Hamn AS å ha denne dialogen direkte. Kvinnherad kommune er medlem av både Visit Hardangerfjord og Visit Sunnhordland og ønsker å vidareføra det gode samarbeidet innan turisme og destinasjonsutvikling gjennom desse organa», skriv kommunen og held fram:

«Med bakgrunn i dette ønsker vi ikkje å fornya samarbeidet med Cruise Destination Hardangerfjord, og avslår søknaden om å yta tilskot til ny prosjektperiode for 2023–25».