Dette går fram av ei pressemelding som Gaute Lund har sendt ut. Han skriv at dei to gründerane oppdaga at husnes.no var ledig i den tida dei sjølve var i sving med å registrera domene for eige firma. Husnes.no var først registrert på Stig Atle Sunde sitt enkeltmannsføretak Sunde Systemutvikling, selskapet som var forløparen til iDrift.

«Opp gjennom åra har det innimellom svirra idear om å gjera noko med domenet. Andre har vore i oss med planar og tilbod. Men ingen ting av dette har blitt noko av», skriv Lund.

Folgefon.no vart brukt av Folgefonn Næringshage fram til hagen visna vekk.

«No har Stig Atle avvikla Sunde Systemutvikling, iDrift AS er blitt del av iteam. Vi tenkjer det er på tide å gje slepp på enkelte gamle domene vi har hatt liggjande for moro. Deriblant husnes.no og folgefon.no», skriv Lund.

Interesserte kan ta kontakt med [email protected] med bod og/eller idear. Dei to gründerane Lund og Sunde vil sjølve utgjera ein suveren jury. Inntektene vil gå til IL Trio, og det er sjølvsagt det ideelle føremålet som gjer dette stuntet til ei sak for avisa.