– Det er viktig med ein slik dag fordi kvar og ein i si verksemd er travel med sine kvardagar, men gjennom eit breitt og godt nettverk kan ein skapa gode samarbeid og konkurransefortrinn ved at bedriftene i Kvinnherad er samla i regionen.

Dette seier prosjektkoordinator ved Kvinnherad Næringsservice (KNS), Kristine Røyrvik og styremedlem i KNS, Ellinor Rein, om arrangementet som finn stad 23. mai.

Kvinnheradkonferansen er den første av sitt slag, og skal vera ein dag med fagleg påfyll for næringslivet i kommunen.

– I samarbeid med medlemsbedriftene har det vore ønskeleg å setja større fokus på nettverksbygging, derfor fall temaet i år naturleg, seier Røyrvik.

Til å halda føredrag har KNS leigd inn Pellegrino Riccardi og Edgar Valdmanis. I pressemeldinga blir Riccardi skildra som ein av dei fremste ekspertane på kultur og kommunikasjon i Norge. Om Valdmanis står det at han har 30 år erfaring innan kommunikasjon, marknadsføring og sal, og vil under konferansen gi konkrete tips om korleis ein bygger, aukar og utviklar nettverk. Arrangementet skal gå føre seg i Kulturhuset Husnes.

– I tillegg til føredraga blir det pausar med fingermat og mingling, før vi avsluttar kvelden med tre-rettars middag, seier Rein, som òg fortel at det blir ei overrasking på deltakarane.

For store og små

Målet med Kvinnheradkonferansen er at det skal bli eit årleg arrangement for det lokale næringslivet, fortel Røyrvik. Ho understrekar også at dette arrangementet er for både små og store bedrifter, anten i privat eller offentleg sektor.

– Temaet i år passar spesielt godt for alle. Det handlar om korleis ein skal gjera kvarandre gode, og dra nytte av kvarandre sine nettverk. Dette er ein dag for alle som er interessert i næringsliv og næringsutvikling, sluttar damene.