Svein Ingvald Opdal, pensjonert helse- og sosialsjef og kommunestyremedlem for partiet MDG, er ein ivrig hobbyfiskar, noko han har med seg frå barndomen av.
‒ Eg fiska mykje heilt frå eg var liten. Vi fiska mest i sjøen den gongen, men etterkvart som eg eldast, vart eg meir og meir interessert i elvefiske, fortel Opdal.
Han kom til Kvinnherad i 1972, og var ivrig til stades i dei populære fiskeelvene, som Omvikdalselva, Uskedalselva og Æneselva. Han fortel at livet i dei fleste elvene har forandra seg dramatisk sidan den gongen.
‒ Eg fiska ein god del i Omvikdalselva, der det var eit kjekt miljø og bra med fisk. Det var mykje garn i sjøen, og det var heller ikkje fritt for siloutslepp og møk til elva, i tillegg til sur nedbør og mange fiskarar. Likevel var det mykje fisk i elva. På midten av 1980-talet fekk eg rundt 54 fisk på ein sesong, der halve delen var laks og resten aure. På 1990-talet hadde elles bestanden i elva gått såpass ned at det blei slutt på fisket mitt der, fortel han.
‒ Kva var årsaka til det?
‒ Det var nok fleire årsaker. Og så var det jo kome mykje oppdrett, som i tillegg til laks og regnbogeaure, også produserte lakselus. Vi kunne sjå store laks i sjøen med kvite soppskadar etter luseangrep, og vi fekk sjøaure med store luseangrep. Mange av fiskane overlevde neppe. Haldningane til avlusing var så som så den gongen. I tillegg kom rømming av laks frå anlegga. Eg hugsar eg på éin dag fekk 11 oppdrettslaks i elva.
Må under kontroll
I takt med at livet i elvene endra seg, mista Opdal interessa for å fiska i dei lokale elvene, og begynte å reisa vekk til elver der det var betre høve til flugefiske og til å få fisk. Her heime har han dei siste åra engasjert seg i å prøva å hjelpa til med å få snudd den negative utviklinga for elvene, mellom anna er han med på å samla inn fisk til Miljødirektoratet sitt arbeid Genbank Hardangerfjord med føremål å sikra og gjenoppbyggja bestandane. Han fortel at det er svært vanskeleg å klara å få tak i fisk som ikkje har vorte «genforureinga» av oppdrettsfisk.
‒ Somme hevdar at omgrepet «genforureining» er tull, og at det ikkje er noko slikt som unike fiskebestandar i elvene. Kva seier du til desse?
‒ Stammane i dei ulike elvene har tilpassa seg miljøet sitt over tusenvis av år. Nye genetiske studiar viser at det er mange ulike laksestammer. No veit vi gjennom forsking at oppdrettslaksen i mange vassdrag har klart å formeira seg med villfisk, og at ein difor at fått villfisk med oppdrettsgenar. Dette er eit stort trugsmål mot dei ville bestandane. Så ja, vi treng definitivt genbanken skal vi klara å byggja opp att stammene når dei negative fylgjene av oppdrett kjem under kontroll, seier Opdal.
‒ Er oppdrettsnæringa det einaste trugsmålet mot villfisken, meiner du?
‒ Nei, laksen og sjøauren er påverka av fleire ulike menneskelege aktivitetar, men dei fleste ser ut til å vera under kontroll.
‒ Men oppdrettsnæringa skapar jo mange arbeidsplassar. Ein må vel knusa nokre egg for å laga ein omelett?
‒ Ja, næringa omset for store summar, så for eigarane av oppdrettsanlegg og dei som leverer utstyr, er det ei gullgruve. Dei nasjonale kunnskapsmiljøa dokumenterer at lakselus og rømming utgjer alvorlege trugsmål mot villfisken i mange vassdrag. Det er plass til både oppdrett og villfisk, men då må miljøproblema under kontroll.
‒ Alt heng saman
‒ Matvareutfordringane blir som kjent større og større etter kvart som innbyggjartalet på jorda aukar. Er ikkje oppdrett då ein del av løysinga?
‒ Oppdrettslaks kan aldri bli mat for den fattige delen av jordas befolking, til det er den altfor kostbar, meiner Opdal, og held fram:
‒ Rundt 70 prosent av fiskefôret er soyabasert, produsert i Brasil. Dette fører mellom anna til avskoging og legg beslag på jordbruksareal der, noko som går utover brasilianarane si evne til å brødfø seg. Så nei, oppdrett i dagens form er ikkje løysinga på korleis ein skal fø fattige og rike i verda.
‒ Fleire i oppdrettsnæringa synest dei vert urettvist ofte «skote på» samanlikna med andre næringar. Kvifor har ein ikkje same fokus på andre næringar, som òg set spor etter seg?
‒ I dag er det sterkt fokus på miljøeffektar av all industri, som vasskraft, jordbruk, olje og gass. Til dømes meiner eg personleg at ein bør setja ein strek for ny oljeleiting, vi vil kunne driva med det vi har funne i mange år framover.
Han hevdar at både næringa og forvaltinga til tider ter seg som om ting ikkje heng saman.
‒ Ta til dømes giftene som blir brukt til avlusing. For folk flest er det uforståeleg at det er gitt løyve til utslepp av slikt i tonnevis kvart år. Og så har du reinsefisken, berggyltene og dei andre leppefiskane som er del av økosystema i fjæra langs heile kysten. Når ein tar ut 20-30 millionar av desse, må det kallast rovdrift. Desse fiskeartane har jo sine lokale funksjonar, er mat for fisk og fugl, og heilt stasjonære. Tar vi dei ut, øydelegg vi økosystema. Korleis kan det ha seg at vi har ein forvaltingspolitikk som tillét slikt? Politikarane bør lytta til dokumentasjonen frå kompetansemiljøa. Dette er forhold som treng ei streng regulering. Alt heng i saman, det er poenget mitt.
‒ Det høyrest ut som om du ville vore næringa forutan?
‒ Eg er ikkje fanatisk, det er plass til oppdrettsnæringa. Men vi har teknologien til å gjera den langt meir miljøvenleg, og då tenkjer eg først og fremst på lukka anlegg i sjø. Dette er fullt mogleg å realisera for dei fleste oppdrettarar, men etter mi meining viser ikkje næringa vilje nok til å ta dei økonomiske investeringane som krevst, og politikarane viser ikkje mot nok til å setja krav, seier han, og held fram:
‒ Med lukka anlegg kunne vi fått kontroll på rømming og utsleppa av lus. I dag bruker næringa enorme summar på å prøva å kjempa mot lakselus og sjukdom. Investér heller i lukka anlegg, og problema blir langt færre. Styresmaktene har plassert Hordaland i raud sone på grunn av luseproblema for villfisken. Tenk om Hardangerfjorden kunne blitt eit pilotområde for testing og bruk av flytande lukka anlegg. Bygging av slike anlegg ville skapt mange nye arbeidsplassar. Det hadde vore skikkeleg offensivt. Det blir spennande å sjå kven som tar initiativ til noko slikt, sluttar Opdal.