Gå til sidens hovedinnhold

Viltpåkøyrsler: Bruk viltband, ein plastpose eller noko anna lett synleg

Artikkelen er over 1 år gammel

Nok ein gong ønskjer Kvinnherad Ettersøkslag å minna bilistar på kor viktig det er å merka staden der hjort – eller anna vilt – sprang frå ulukkesstaden.

Leiar i ettersøkslaget, Kjell-Rune Gausvik, minner om at ein kan få gratis viltband som ettersøkslaget har lagt ut hos Cirkle-K på Husnes.

– Det er så mange dyr som ferdast i hjortetrakka rundt om i kommunen, og derfor er det utruleg viktig at ettersøkshunden får best mogleg utgangspunkt, slik at den får ferten av det rette dyret, forklarar Gausvik.

Han oppmodar alle bilistar til å ha eit eller anna i bilen som kan brukast til å merka staden der påkøyrsla skjedde.

– Merk staden med eit viltband i ei grein, ein plastpose eller ein refleksvest under ein stein. Og det er fint om ein legg merke til kva side av vegen hjorten forsvann frå, for så å plassera merket på denne sida, på staden der hjorten sprang vekk, seier Gausvik.

Kvinnherad Ettersøkslag har vakttelefonnummer 480 07 327, eit nummer det er lurt å lagra på telefonen. Har uhellet skjedd utan personskade, rår Gausvik uheldige bilistar til å ringja ettersøkslaget først.

Det kan vera kø på politiet sitt nummer (02800), og det er viktig at ettersøket kjem i gang snarast råd. Både for å ha ferskast mogleg spor, men òg for å korta ned på lidinga for dyret.

Gausvik fortel at viltbandet, som er laga av eit forsikringsselskap, har påtrykt ei grei hugseliste om kva ein skal gjera ved påkøyrsler: Slå på naudblink, ta på refleksvest, sikra ulukkesstaden med varseltrekant, ring 113 ved personskade, ring ettersøkslag og politi.

Les også

Ber folk bli flinkare til å melda frå: – Det viktigaste er at dyra ikkje må lida

Ei plikt etter lova

Lensmann Sigurd Børve understrekar at ein bilførar pliktar å melda frå om påkøyrsler av dyr.

– Her kjem først og fremst Vegtrafikklova inn i bildet, men også Lov om dyrevelferd. Når det handlar om eit skadd hjortedyr, er det uansett prioritet nummer éin å varsla ettersøkslaget, slik at dei kjem raskt på banen, og – som ettersøkslaget sjølv seier – hugsa på å merka plassen godt.

Børve legg til at ved påkøyrsler har ein etter Vegtrafikklova plikt til å melda frå til politiet, men han ser poenget i at det ved «enkle» viltpåkøyrsler kan vera lurt å prioritera varslinga av ettersøkslaget, og at det i mange tilfelle kan vera nok.

Men fører påkøyrsla til personskade, kollisjonar, trafikale problem og liknande, må sjølvsagt både politi og ambulanse varslast først.

– I Kvinnherad har viltnemnda delegert ansvaret for avliving og ettersøk av påkøyrt vilt til Kvinnherad ettersøkslag. Det er viktig å finna ut om dyret må avlivast, eller om det er uskadd. Er det tamdyr som blir påkøyrd, pliktar ein å varsla dyreeigar og om naudsynt ettersøkslaget. Får ein ikkje tak i nokre av desse, må ein melda frå til politiet, seier Børve.

Kommentarer til denne saken