Det har teke seg kraftig opp med vinden i ettermiddag og det skal auka på fram til 22-tida, lyder varselet. I ferjesambandet Skjersholmane-Ranavik vart rute 2 innsilt frå Skjersholmane 17.45, og 18.30 frå Ranavik.

Ferja mellom Utåker og Skånevik kan ikkje gå til Matre, der reknar ein med ordinær rute igjen frå i morgon tidleg.

Rett over klokka 19.00 kom det og melding om at rute 1 i sambandet Årsnes-Varaldsøy-Gjermundshamn er innstilt, rute to vil førebels gå.