«Aggressive utbyggingselskap som Zephyr tek seg no fram til utkantkommunar og arrangerer eigne «grunneigarmøte». Dette gjer dei utan å varsla kommunane det gjeld»

Av
DEL

MEININGAROverskrifta er ikkje henta frå ein amerikansk skrekkfilm. Den er henta frå offentlege dokument og FB-grupper langs kysten. Etter at «Nasjonal ramme for vindkraft på land» vart skrota, vart me fortald at nye prosjekt skulle bli lagt på is – og at nye og strenge konsesjonsvilkår skulle bli utarbeida. Det er diverre ingen grunn til å ta kvilesteg. Aggressive utbyggingselskap som Zephyr tek seg no fram til utkantkommunar og arrangerer eigne «grunneigarmøte». Dette gjer dei utan å varsla kommunane det gjeld. Dei møter stor motstand – ikkje berre av folk som bur der, men også frå leiinga i kommunane. Det har på kort tid gått så langt at dei seks ordførarane i kommunane; Masfjorden, Gulen, Hyllestad, Fjaler, Gaular og Høyanger har sett seg nødd til å senda eit svært skarpt brev til den norske regjeringa ved Olje og energiminister Kjell-Børge Freiberg. I brevet, datert 01.11.19, skildrar dei stoda om «uønska» merksemd, og: «krev derfor at statsråden umiddelbart grip inn og stoppar all vidare planlegging av nye vindkraftprosjekt i våre område». Setninga er streka under, for å syna at ordførarane meiner alvor.

Det er altså berre eit tidspørsmål før me får dei såkalla «vindbaronane» på dørene våre, også her i Kvinnherad. Selskapet Zephyr t.d. er eigd av Østfold fylkeskommune, Buskerud fylkeskommune, Drammen kommune og Sapsborg kommune med fleire, via sine energiselskap. Prosjektleiar Johnny Hansen gjer klart at selskapet vil jobba vidare med planane sine. Det er ikkje til å tru at fylke og kommunar på austlandet ser ut til å ha som mål å øydelegga natur og kulturlandskap langs heile kysten, og overkøyra demokratisk fatta vedtak, som ordførarane skriv i brevet til statsråden. Zephyr skryt uhemma av samarbeidet med BBK, selskapet som eit fleirtal i Kvinnherad kommune bestemte å selja Kvinnherad Energi AS til. No har me truleg fått ein «gaukunge» midt i vassfatet. Ifølgje «kollega» i vest er dei ikkje håret betre. Difor ber me ordførar, kommunedirektør, administrasjon, politikarar, og grunneigarar i Kvinnherad om å vera på vakt. Ikkje gje desse vindbaronane ein aldri så liten bit av veslefingeren. Då tek dei fjella våre, naturen vår – og alt me bryr oss om. Om NVE og statsråden er til å stola på vil visa seg!

«Nei til vindmøller i Kvinnherad»

ved Annemor Ekeland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags