– Det skal ikkje byggast vindmøller i Kvinnherad på mi vakt

SVARTE: Publikum ville ha tydelege svar frå politikarane, og det fekk dei. Alle partia er imot vindkraft i Kvinnherad. F.v. på scena: Peder Sjo Slettebø (H), Kent Are K. Petterson (V), Svein Ingvald Opdal (MDG), Hans Inge Myrvold (Sp), Kai Morten Torget (FrP), Monica Lindseth (Ap) og Hege L. Røssland (SF).

SVARTE: Publikum ville ha tydelege svar frå politikarane, og det fekk dei. Alle partia er imot vindkraft i Kvinnherad. F.v. på scena: Peder Sjo Slettebø (H), Kent Are K. Petterson (V), Svein Ingvald Opdal (MDG), Hans Inge Myrvold (Sp), Kai Morten Torget (FrP), Monica Lindseth (Ap) og Hege L. Røssland (SF).

Tysdag kveld var Festsalen nærmast fullsett då Kvinnherad Turlag inviterte til folkemøte om vindmøller i Kvinnherad.

DEL

Bakgrunnen for møtet var den nye rammeplanen for vindkraft på land, som Norges Vassdrag - og Energidirektorat (NVE) presenterte første april. I planen var store delar av Kvinnherad teken med. Ordstyrar for kvelden var leiaren i Kvinnherad Turlag, Kjell Yri.

Naturvernsansvarleg i Bergen og Hordaland Turlag, Nicolas Rodriguez, gav dei frammøtte ei god innføring i kva konsekvensar ei eventuell vindmølleutbygging i Kvinnherad vil ha for mellom anna naturen. Han kunne fortelja at vindmølleutbygginga skaut til vêrs i 2016 då internasjonale aktørar som til dømes Google, fekk interesse for berekraftig energi frå Norge.

Han meinte at NVE ikkje hadde lagt nok vekt på verdien i turområda som eventuelt vil bli råka, og at dei tydeleg mangla den lokale kunnskapen.

Politisk semje

Ordføraren opna dei politiske appellane med å lova at kommunen skulle komma med klare og tydelege argument til høyringa som har frist første oktober. Han lova å vera aktive i vindmølledebatten, og la til:

– Det skal ikkje byggast vindmøller i Kvinnherad på mi vakt!

Dei inviterte politikarane blei stilte til veggs, og dei frammøtte kravde klare svar frå representantane. På folkemøtet kom det fram at alle dei frammøtte partia var einige i saka, og at dei alle ville jobba mot vindmølleutbygging i kommunen. Kent Are Kjørsvik Petterson (V) var einig i at dei tidlegare uttalane har vore for svake, men sa at Venstre ønskjer å legga press på eigne folkevalde på Stortinget.

Havvind er løysinga

Miljøpartiet Dei Grøne, Venstre og Senterpartiet var samde med Rodriguez i at løysinga bør ligga i havvind, og ikkje i urørt natur. Svein Ingvald Opdal (MDG) oppmoda alle til å tenkja seg om ved neste stortingsval, og at det må vera ei sentral semje i partiet mot vindmølleutbygging i urørt natur.

– Det held ikkje å stemma på dei lokale partia som er imot, om det sentrale partiet er for, argumenterte Opdal, og la til:

– Vi vil sikra kommande generasjonar vill og urørt natur.

Hans Inge Myrvold (Sp) var einige i at vindmøller i Kvinnherad vil ha fatale konsekvensar for kommunen, og at dei jobbar med det lokale partiprogrammet med «nei til vindmøller i Kvinnherad» som grunnlag.

Kai Morten Torget (Frp) hadde eit litt anna syn på saka:

– Det kan henda at eg «bannar i kyrkja» når eg seier dette, men vindmøller er ikkje det verste her i verda. Med det sagt, er ikkje Frp interessert i vindmøller her i Kvinnherad.

Han kunne òg fortelja at vindmøllesaka ikkje er komen med på partiprogrammet, men at dette heilt enkelt skuldast ei forgløyming.

Monica Lindseth (Ap) kom med eit klart nei til vindmøller i Kvinnherad, og kunne opplysa om at partiet hadde lagt inn ein eigen høyringsuttale til Stortinget. Dei ville òg jobba vidare oppover i partiet. Samstundes argumenterte ho for at det i første omgang måtte vera fokus på å utbetra det ein alt har av vasskraft.

Hege Lægreid Røssland (SF) går til val på å verna verdifull natur.

– No er det viktig å bruka utestemma si, og det er regjeringa vi må snakka til. Det er viktig at alle engasjerer seg i saka, for regjeringa vil høyra på store folkemengder, argumenterte Røssland.

Kristeleg Folkeparti og Partiet Dei Kristne var begge forhindra i å stilla på møtet, men kunne gjennom ordstyrar Kjell Yri fortelja at dei støtta turlaget i kampen mot vindmølleutbygging i Kvinnherad.

Ordførar Peder Sjo Slettebø takka for semja og var glad for at kommunestyremedlemmane var einige:

– Mi erfaring er at dei gongene kommunestyret er samstemt, er det lettare å bli høyrt.

Folkeleg engasjement

Både unge og eldre frå fleire lokale lag heldt appellar, og engasjementet var stort. Då Yri opna opp for spørsmål frå salen, var folkeavrøysting oppe til diskusjon. Det var delte meiningar om dette, men Høgre og Frp var ikkje ueinige i at ei eventuell folkeavrøysting kunne vore ein god idé.

Mari Teigen Varanes i Kvinnherad Turlag kunne fortelja at Facebook-sida «Nei til Vindmøller i Kvinnherad!» i dag har over 2.500 medlemmar, og oppmoda alle til å skriva seg inn i turbøker og ta flotte turbilde. Turlaget oppmoda òg kvinnheringane som er imot vindmøller i kommunen om å skriva ein høyringsuttale til Olje- og energidirektoratet (OED) på Regjeringen.no

– I dag er det sendt inn om lag 200 uttalar, og fleire av desse er frå privatpersonar, informerte Teigen Varanes, og avslutta møtet med:

– Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera noko!



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags