«Me må vakna!»

Av
DEL

MEININGARNesten utan at me har merka det, er landet vårt i ferd med å bli rasert. Store, såkalla «Vindmølleparkar», mellom anna finansiert av utanlandske fond, vert vedtekne – og bygde. Bit for bit. No er det lagt fram planar for fjellheimen vår i Kvinnherad, og i nærområda, inkludert på Klosterneset. Fjella, turområda og det vakraste me har å by på – er no føreslege bygd ut med store møller i urørt natur. Det vil bli sprengt, planert, og rasert. Kilometervis med veg vil bli bygd. Store vindmøller på over 200 meter, større enn Eiffeltårnet i Paris, skal etter NVE sine planar reisast mot himmelen. Det er rett og slett ikkje til å tru, men slik kan det bli om me ikkje vaknar!

Diverre har røynda synt at med det «grøne skiftet» som alibi, let altfor mange seg blenda og lura. Dei store vindmølleparkane er ikkje svar på det «grøne skiftet», dei er ikkje miljøvenlege, og landet vårt har ikkje noko å tena på dei. Dei laga infanarisk lyd, og dei blenker med irriterande raude lys. Dei øydelegg utsyn, fugle- og dyreliv.

Skal me la dei som står bak, som ikkje bur i kommunen vår, og som ikkje bur i landet vårt få lov til å herja fritt med det kjæraste me har – naturen vår? Nei! Heldigvis er gode krefter i gang med å protestere mot galskapen. Kvinnherad turlag skal arrangera støttemarsj for naturen, og eige folkemøte på Husnes. Dei har òg etablert ei gruppe på Facebook der mange er aktive. 1. mai-nemnda hadde «Nei til vindmøller» som hovudparole i toget sitt. Det vekte merksemd ut over kommunen sine grenser. Fleire av partia i kommunestyret har klart meldt frå om at dei vil ikkje ha vindmøller i kommunen. Kommunestyret må seia nei til etablering. Fleire av oss har planar om å bli meir aktive – om naudsynt.

Men det er ikkje nok. Me veit at NVE ikkje likar sjau og støy om planane deira. Eg oppmodar difor alle – heile Kvinnherad, til å møte fram på turlaget sine opplegg, men ikkje minst; Kvar og ein av oss må ta ansvar, lag og organisasjonar, grunneigarar og politiske parti må ta ansvar ved å sende inn merknad til NVE innan fristen 1. oktober, og å bråka og sjaua, alt me kan!

Annemor Ekeland,
Valen

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags